Hugo Opdal seier dette når han skal beskrive stoda på Flø like før den eksentriske kunstnaren er venta til bygda på for å delta på si eiga kunstutstilling, som opnar på søndag.

Jubileumstur

Kunstnaren Terje Brofos, alias Hariton Pushwagner, fylte 75 år i mai. Det har han markert med sju større utstillingar rundt om i Norge. Den siste jubileumsutstillinga held han på Flø.

– Stas at vi får vere ei av jubileumsutstillingane, og ekstra stas at Pushwagner har teikna ein plakat spesielt til Flø. Den er trykt opp i eit lite tal, og blir til sal under utstillinga, seier Opdal. Dette er andre gongen Pushwagner vitjar Flø og Studio Hugo Opdal. Utstillinga omfattar 39 verk som viser eit tverrsnitt av den eksentriske kunstnaren sitt virke gjennom grafikk og handkolorerte trykk. Med sterke fargar, humor, og særmerkte stil, deler Pushwagner ut samfunnskritikk og gir publikum glimt inn i tankevekkande univers.

– Vi gler oss veldig til Pushwagner kjem, men er litt spente på kva han kan finne på denne gongen, seier Hugo Opdal og fortel om då kunstnaren var på Flø førre gong, det 4. desember 2011. – Då vassa han i sjøen med dress på. Det gjorde at han fekk dobbelsidig lungebetennelse og vart liggande på sjukehus i tre månader.

Dramatisk

Pushwagner er impulsiv, og kjent for å finne på litt sprell. Vi har skaffa badebukse og handduk om han vil bade denne gongen.

Pushwagner er populær som aldri før. Det viser salet av kunsten hans på jubileumsutstillingane. Berre i galleri Soli Brug ved Sarpsborg vart det selt kunst for over 6 millionar kroner. Og allereie før utstillinga i Fine Art i Oslo opna torsdag var kunst for to millioner kroner solgt.

Folkelege prisar

– Heilt vanvittig. Pushwagner sel som aldri før, seier Opdal som sjølv har selt Pushwagner-kunst for 150.000 kroner før utstillinga på Flø opnar. Og meir kunstsal håper han det blir.

– Sjølv om det er nedgangstider i industrien her i området, så trur eg på mykje folk og godt sal. Mange av Pushwagner-verka har folkelege prisar, og dessutan er det noko med denne fyren som appellerer til folk i alle aldrar, seier Hugo Opdal som synest det er stor stas å opne utstilling med kunstnaren til stades.

<strong>Kjendis:</strong> Pushwagner med sitt kunstnariske blikk er venta til Flø på søndag. Foto: Hampus Lundgren