Arrangør Sykkylven Blandakor kunne laurdag kveld ønskje velkomen til premiere saman med Ålesund Operakor, Brattvågkoret og fleire andre musikarar.

Musikalen ”Magic of the musicals” er bygd opp av konsertversjonar av musikalane ”Phantom of the Opera” og ”Les Miserables”, og med musikarar som Stine Hole Ulla og Mads Belden, samt dirigent Erland Dalen er dette Sykkylven Blandakors største gjennomføring gjennom tidene.

–Tilbakemeldingane har vore så positive. Folk meinar det er utruleg flott at vi får til noko så stort på ein så liten plass. Vi har aldri vore med på noko så stort før, og det er heilt fantastisk at det går ann, seier prosjektleiar, Lindis Utgård som har hatt ein bevisst baktanke med prosjektet.

– Det er jo nettopp for å setje fokuset på kormiljøet på Sunnmøre. No viser vi at ein bitte liten plass også kan få til, og det blir til noko som andre kanskje kan strekkje seg etter, meiner Utgård som var i ekstase etter kveldens premiere.

– Hipp Hurra

– Musikalen har alle ingrediensar innan musikalske sjangrar, og inneheld eit stort spekter. Eg unner alle å få sjå dette fantastiske koret. No er premiera overstått og det har vore både spennande og overraskande. Hipp hurra, noko så vakkert, seier den svært fornøgde Utgård om den fyrste av fem førestillingar.

Med konserten ”Magic of the musicals” inviterar dei nemleg til førestellingar i både Sykkylven kulturhus, ID Huset i Brattvåg, Festiviteten i Kristiansund og Parken kulturhus i Ålesund gjennom heile september.