Volda:

Gamleorganisten tok grep

Ragnar Aske har spelt orgel i Volda kyrkje i 52 år. Fredag kveld tok pensjonisten stort musikalsk ansvar for presentasjonen av nytt kororgel.
Kultur

Det var stilt store forventningar til tonane frå det nyinstallerte kororgelet fremst til venstre i Volda kyrkje. Volda kyrkjekor var forsterka med ei kammerrekkje anført av Knut og Nils Ose, og med solistar som Ragnhild Engeset og Alf Vatne. Ikkje minst gjorde kyrkjetenar Arild Andenes seg gjeldande med trompeten sin. Fløyelstonar Dei innleidde alle som ein og samstundes konserten med ei urframføring: Ole Karsten Sundlisæter sin komposisjon «Gloria». Deretter var det klart for dei første fløyelstonane frå det 48 år gamle nyorgelet. Då er sonater og orgekonsertar signert Georg Friedrich Händel obligatorisk - og midt i. Og ifølgje fronten av fjes i forsamlinga: Orgellyden skuffa ikkje. Til teneste No gjekk vigslingskonserten over i si verbale fase, ført i ordet av sokneprest Kjell Roger Isene. Tradisjonen tilseier at eit såpass stort og fastinstallert instrument som eit orgel skal høgtidleg vigslast. – I kveld tek vi dette orgelet i bruk til teneste for Gud. Rundt dette instrumentet skal vi tilbe Gud, og syngje og spele for kvarandre, sa presten og runda av med denne bøna: – Takk Gud for at vi i dag kan ta dette orgelet i bruk til di ære. Dermed er det etterlengta instrumentet i nordre sideskip høgtidleg helsa velkomen, og resten av konserten kunne fullførast på eit vigsla instrument. Duka Og dermed var det også duka for gamleorganisten sjølv, Ragnar Aske. Han går i sitt åttiande år, og har vore pensjonert organist i tolv år alt. Men spelar gjer han nesten dagstøtt. Kanskje takka vere målretta øving, kom seniororganisten svært bra frå si tolking av Bach sin Pastorella BWV 590. Intens konsentrasjon på krakken, og berre vellyd frå piper av både tre- og metall. Etterpå vart det trampeklapp då Ragnar Aske som sistemann vart ropt opp til blomstertildeling. Nervøs Seniororganisten vedgår gjerne at han var nervøs, før han fekk tatt skikkeleg grep. – Ja, skikkeleg nervøs var eg. Eg har øvd og øvd til dette i lengre tid. Likevel kunne noko gått gale. Det gjorde det visst ikkje, smiler Ragnar Aske mellom mange handtrykk og gratulasjonar. – Kva tyder det for Volda kyrkje å ha fått eit orgel nummer to? – Dette har vore intenst på ynskjelista i over 30 år, og det er ikkje tilfeldig. – Særleg ved framføring av oriatorium og slike ting er det viktig for kantoren å vere nær og ha augekontakt med dei andre, forklarer orgelveteranen som framleis vikarierer på krakken i Volda-katedralen. Musikalsk fullverdig er den først med konsertflygel på plass. Innsamling til dette pågår for fullt.