Suveren Rigoletto

Thorbjørn Lindhjem sin Rigoletto kjem til å ruve i Opera Nordfjord si historie.
Kultur

Etter berre åtte års drift gjev Opera Nordfjord seg i kast med noko av det tyngste og mest tragiske som er laga. Hoffnarren Rigoletto (namnet er visstnok avleia av omgrepet «spottefugl») tener hertugen, men opplever at herren legg seg etter dottera hans. Ho er mest den einaste lyskjelda i tilveret hans. Den gamle narren vert sjølv rundlurt av det ekle hoffet som svinsar rundt den dekadente hertugen.Han vil fylgjeleg ha hemn, og hyrer ein leigemordar til å ordne opp. Leigemordaren (bassen Kristian Anderssen) er av det meir pragmatiske slaget som ikkje tek så nøye kva for lik som hamnar i sekken. Det vert Rigoletto sin skjebne, ettersom dottera vel å ofre seg for sin store kjærleik. Ho går i døden i staden for den gleie dandyen av ein rundbrennar.Librettoen vart i si tid bygt på ei bok av Victor Hugo. Boka spotta visse storleikar i samtida, og vart freista stogga av sensuren. Verdi vart så begeistra over historia, at han skreiv musikk til ein omarbeidd libretto. For å sleppe gjennom makta sitt nålauge, måtte alle personar abstraherast ein god del. Men italienerane skjøna likevel poenget, trykte operaen til sitt bryst og vifta med flagga mot dei ekle austerrikarane som knuga dei.Toralv Maurstad debuterer som operaregissør med denne oppsettinga. Han har god hjelp frå scenografen John-Kristian Alsaker. Saman har dei vridd ut ein interessant versjon. I kostymeval og scenespråk kan vi godt vere i 2005. Men dei geniale kulissane har likevel romerske boger i fleng, og er lyssett på elegant vis.Thorbjørn Lindhjem er 72 år gamal. Han er ei levande legende. Innsatsen er deretter også. Han pustar liv i karakteren sin på hjarteskjerande vis. Narren som hatar tilveret sitt, pukkelryggen og heile skiten. Dottera Gilda vert tilsvarande livfullt tolka av Trude Helen Binderø. Den berømde arien hennar er eitt av høgdepunkta gjennom operaen.Det andre svært kjende songlege høgdepunktet kjem når denne sleske sjarlatanen av ein hertug syng Donna e mobile. Ja. Nett den. Verdskjend frå dusjkabinett kloden over. Den islandske tenoren Gardar Thor Cortes gjev flott fasong til sin arie.Elles er Anna Einarsson fin som lokkedua Maddalena (systera til leigemordaren). Solfrid Bjørkum har birolla som Giovanna. Ein stad framstår ho som ein slags PR-agent for dandyen. Jo, vi er visst i vår eiga tid.Orkesteret har mykje å bale med i Rigoletto. Det meste let såre vel under Michael Pavelich si kyndige leiing. Men vi merkar oss eit par nokså upresise innsatsar og tempokollisjonar. Heldigvis rettar det seg etter kvart.Å setje Knut Skram i den forholdsvis obskure rolla som grev Monterone må vel seiast å vere luksuriøst. Han er tilliks med Lindhjem ein av songargigantane her på berget. Så det kan ikkje gå galt i denne oppsettinga.Samspelet mellom Gilda og Rigoletto retteleg lyser operaen gjennom. Både i duettane og sjølve spelet. Slutten vert nett så gripande vi håper på.Det er også kjekt å høyre et så oppegåande mannskor og fylgje innsatsen til dei mindre birollene langsmed. Ottar Smørdal er til dømes kosteleg som skitfull diplomat med ordensband og greier, han lagar artig kammerspel ut av tinga sine. Så her er episodar å flire av også, sjølv om dette er ein opera av Det Tragiske Slaget.Som vi skjønar er ikkje noko oppgåve for stor for Opera Nordfjord. Det er berre å gratulere. Byråkratane i kulturdepartementet som ikkje vil gje pengar til nytt kulturhus veit tydelegvis ikkje kva dei steller med.Anmeldt av Bjørn Halvorsen