Gospelveteranen Gunnhild

Kragerø: Gunnhild Tvinnereim (35) frå Stryn er ein av veteranane i Oslo Gospel Choir. Ho har vore med sidan starten for tolv år sidan.
Kultur

Det internasjonalt kjende koret frå Oslo har halde på i 12 år. På 90-talet var koret dei som selde flest plater i Norge, og med på suksessen er Gunnhild frå Stryn. Solist Ho kom til Oslo som attenåring i 1984. — Eg reiste nedover for å gå eit år på folkehøgskule. Ville berre prøve korleis det var å bu i Oslo. Her blei eg derimot verande, seier Gunnhild, når vi møter henne like før konserten på Skjærgårds 2000. Gunnhild Tvinnereim er etter kvart blitt ein veteran i Oslo Gospel Choir. Ho har stått i sopranrekka heilt sidan starten i 1988. I alle desse åra har ho hatt framtredande roller som solist. I gjennomsnitt held gospelkoret 50 konsertar i året. Difor blir det mange reisedøgn på medlemmane. — Ja, det kan til tider bli travelt. Likevel gir det meg så masse å vere med at det er verdt all reising og farting, smiler Gunnhild. Bading og fjelltur Gospelkoret var også springbrettet til Gunnhild sin opptreden i Grand Prix i 1995. Saman med Secret Garden var ho med og vann den internasjonale finalen. Karrieren til 35-åringen starta då ho gjekk på Firda vidaregåande på Sandane. Då var ho med i koret Joysing. I dag er ho cand.mag og arkivar i Oslo. Gunnhild forsikrar likevel om at ho skal heim på ferie i sommar. — Det er fast med tur til Stryn om sommaren. Då skal eg bade og gå i fjellet. Uansett ver, smiler Gunnhild Tvinnereim.