Firedobbelt i Volda Kunstlag

Haustutstillinga til Volda Kunstlag opna fredag med fire utstillarar.
Kultur

Kirsti Bjerkvik frå Molde viser måleri. Bjerkvik har utdanning frå Norge og Paris, og har vist arbeid både på Vestlandsutstillinga og Statens haustutstilling. Aase Skrivervik frå Sandane skal stille ut keramikk. Ho er utdanna i England, og har sidan 1976 drive keramikkverkstad på Sandane. Elisabeth Steen frå Stårheim skal stille ut skulpturar. Ho har fleire gongar vore representert ved Vestlandsutstillinga og Statens haustutstilling. Sylvi Aambø frå Volda arbeider med ulike teknikkar, men denne gongen skal ho stille ut grafikk. Aambø har fleire gongar vore representert ved Møreutstillinga og Vestlandsutstillinga. — Alle dei fire kunstnarane har hatt mange utstillingar, både separatutstillingar og kollektivutstillingar. Dei har hatt mange oppdrag, og er innkjøpte av mange institusjonar. Det skulle difor liggje til rette for ei spanande utstilling som kan appellere til mange, seier leiaren i Volda kunstlag, Narve F. Birkeland. Alle dei fire kunstnarane er til stades på opningsdagen. Utstillinga er i nyesalen på samfunnshuset til og med 9. oktober. Kunstlaget inviterer alle skulane til gratis framsyning i skuletida fredag og måndag — Dette må vere eit fint tilskot til opplæring i kunst- og handverk, seier Birkeland. Seinare i haust kan Volda Kunstlag lokke med utstilling mellom anna med Ørnulf Opdahl.