TV-jul for Karin

Snart vil dei fleste ungar i Norge vite kven Karin Eckhoff Holsvik er. I jula blir ho nemleg å sjå i «Julemorgen» på NRK.

  Foto: FOTO: Sandra Mei Ling Noer

Kultur

Karin, som blei 24 år førre søndag, har opphavet sitt frå Syvde, men bur no i Oslo. Der arbeider ho frilans som pianist, pianolærar og kordirigent. Det var studievenninna Hedvig Thomassen, som er frå Ålesund, som kopla ho til «Julemorgen». Dei to studerte i lag ved Norges musikkhøgskole. – Hedvig er gitarlæraren til produksjonsleiaren i «Julemorgen» og tipsa han om meg. Så fekk eg ein telefon og blei invitert til audition, fortel Karin. Fall i smak Ho var litt usikker på om ho skulle dra på audition, men bestemte seg for å prøve. Det folka i NRK fekk sjå og høyre fall tydelegvis i smak, for etterpå fekk ho tilbod om jobben. – Mi rolle i «Julemorgen» blir å vere pianist i studio og underhalde saman med programleiarane Kåre Magnus Bergh og Heidi Marie Vestrheim, seier Karin. Sjølv om ho ikkje skal vere programleiar får ho ei framtredande rolle. – Ja, eg må vere medviten om kamera, og kjem til å kommunisere både med dei i studio og med ungane som sit heime og ser på. Diggar ungar Karin trur ikkje det blir eit problem. – Eg diggar ungar, seier ho entusiastisk. Karin har ikkje barn, men meiner likevel at ho har dei kvalifikasjonane som trengs. – Eg har jobba litt i barnehage. Dessutan er eg generelt veldig barnsleg, ler Karin. Direkte Førebuingane til «Julemorgen» er allereie godt i gang, sjølv om programmet ikkje startar før 19. desember. Deretter blir det direktesending kvar dag fram til 3. januar. Det blir med andre ord ei jobbejul for Karin i år. – Først var eg litt skeptisk til det, eg brukar jo å reise heim i jula, men no trur eg det blir berre kjekt, seier ho. Kjendis «Julemorgen» har tradisjonelt vore eit populært program, og mykje tyder på at Karin no blir kjendis hos dei yngre aldersgruppene. Det har ho ikkje tenkt så mykje på enno. – Det blir som det blir. Eg skal i alle fall smile fint til alle som tek kontakt, seier Karin Eckhoff Holsvik blidt.