Seriøs satsing på tullprat

Til no har standup vore hobby. Går det rette vegen vil Roger Sundgot satse for alvor på humor.
Kultur

– Om eg skulle miste min faste jobb som montør så vert det alvorleg satsing på tullprat, seier Roger Sundgot med glimt i auge.

– Og skulle ikkje det gå får eg senke ambisjonane og verte politikar. Det handlar også om tullprat, legg han til.

I helga kan du finne ut om det er liv laga for Ulstein-mannen som standup-komikar.

Kjende komikarar

Under den sjuande utgåva av Skjemtegaukfestivalen deler Roger scene med kjende komikarar som Christer Torjussen, Tore Haukenes og Janne Rønningen.

Arrangørane, brørne Geir Sindre og Åge André Breivik, forsikrar at Roger ikkje er noko distriktskvote.

– Då hadde han ikkje fått vere med for tredje gong, understrekar dei.

Sunnmørsposten møter dei tre tidlegare naboane i Gjerdsbakkane på Dimnøya. I kveld vert barndomsheimen- og hagen til brørne Breivik tilhaldsstad for humor.

– Då har vi lokalavisene klare, for vi reknar med at fleire av årets deltakarar vil ha med noko lokalt stoff i sine framsyningar, seier Geir Sindre.

Frå fiasko til suksess

Saman med broren Åge André starta han Skjemtegaukfestivalen fordi mange klaga over at ingenting skjedde i Ulsteinvik.

– Første året var total fiasko med publikumssvikt. Årsaka til at vi prøvde igjen var fordi deltakarane gjerne ville komme tilbake, held Geir Sindre fram.

– Standup er ein sjanger som publikum har vorte meir vane med dei siste åra, og vi håpar på minst like mykje folk som i fjor, supplerer Åge André.

I kveld brakar det laust på utestaden Kaffebaren i Ulsteinvik.

Publikum avgjer

Årets Skjemtegaukfestival byr både på gamle kjenningar og nykomarar.

– Det er stas at det endeleg klaffa slik at Janne Rønningen kunne vere med, seier Geir Sindre.

Med seg på scena i kveld har nykomaren mellom fleire Tore Haukenes, som er med for sjette gong.

– Han er også ein av tre tidlegare Skjemtegauk-vinnar som er med i år. Difor vert det spanande å sjå om ein av desse vert den første til å vinne prisen for andre gong, seier Geir Sindre.

Det er publikum som avgjer kven av dei ni på scena i kveld og i morgon som er den beste.

Fjorårets vinnar

I kveld er framadstormande bergenskomikar Ole Soo med å kjempe om publikum sin gunst. Det same er André Ulveseter og Henrik Overaa Bjørnson, kjende frå standup-scenene i Ålesund.

Laurdag er Christer Torjussen klar til å trimme publikum sine lattermusklar saman med nykomar Ellinor Christiansen.

– Vanlegvis har vi ikkje med deltakarar som vi ikkje har sett sjølve, men vi stolar på kjærasten til Ellinor, fjorårets vinnar, samstemmer Brevik-brørne.

Før regjerande Skjemtegauk, Vidar Hodnekvam, avsluttar festivalen, er Roger Sundgot klar med sitt nye materiale der gjennomgangsfaktoren er sjølvironi.

– Sjølvironi er den viktigaste komponenten i vårt mentale immunsystem, meiner Roger.