Stort oppmøte på Kong Arthur-spelet

På premieren laurdag møtte heile 1600 opp for å få med seg historia om då kong Arthur kom til Møre.

  Foto: Ingrid Thorseth

  Foto: Ingrid Thorseth

Kultur

Initiativtakar Jostein Hogne Korsnes er strålande fornøgd med laurdagens premiere på Kong Arthur-spelet. 1600 publikummarar tok turen til Sandsøya og Kongsvollen for å få med seg sogespelet.

Kong Arthur-spelet har 10-årsjubileum denne sommaren. I samband med jubileet vart det halde eit historisk symposium om Kong Arthur og riddarane av det runde bord si tilknyting til Sandsøya.

– Det er eigentleg tynt kjeldemateriale vi har bygd forteljinga om Kong Arthur på, men slik er det for alle dei norske sogespela. Grunnen til dette er at det er lite nedskrive frå denne tida, fortel Korsnes.

Sogespelet er prega av både humor og ironi, og ein finn mange lokale hendingar og uttrykk i forteljinga. Trass i ein del underbuksehumor, vart det på symposiet laurdag understreka at spelet også har ei seriøs side. Symposiet vart leia av Bjørn Jonson Dale. Ulike forfattarar og historikarar utveksla tankar og teoriar rundt segnkongen Arthur si tilknyting til Møre.

– Eg har fått fleire tilbakemeldingar frå folk som har vorte overraska over at det ligg ei viss sanning bak historia i Kong Arthur-spelet, og at spelet faktisk er basert på ein del historiske hendingar, fortel Korsnes.

Sande kommune er ein liten kommune med knappe 2500 innbyggjarar. Av desse er om lag 150 med i sogespelet.

Dobbelt jubileum

Ei av eldsjelene i spelet er Sara Wiik (20) frå Gursken. Ho er strålande fornøgd med premieren.

– Vi har vore veldig heldige med vêret, og mykje folk har møtt opp, noko som sjølvsagt er positivt, seier ho.

Sara, som speler gardstausa Hild, har vore med i sogespelet sidan starten i 2000. I Kong Arthur-spelet har ho rolla som kjærasten til Anders Vik (20) frå Ulstein – slik er det også i verkelegheita. I samband med spelet i helga feira dei to at dei har vore kjærastar i 1 ½ år.

Dei to skodespelarane har sidan førre helg øvd intensivt for å få alt på plass til denne helga.

– Det var Sara som drog meg med på spelet. Laurdag var første gongen eg var med, og etter ei veke med øving kvar kveld, syntest eg det var herleg å endeleg få vist publikum kva vi har brukt så mykje tid på, seier Anders, som har rolla som Sir Lancelot, ein av riddarane til kong Arthur.

Viktig for kommunen

Begge to meiner sogespelet har mykje å seie for lokalsamfunnet.

– Dette er ein flott måte for folk å få vise fram det talentet ein har. Her er med folk frå nesten alle bygdene i kommunen, og det er med på å skape eit godt samhald mellom folk i Sande, understrekar dei to.