Avduka ny Heske-attraksjon

Norddal er turistkommune, og attraksjonane dei byr sine reisande vert stadig fleire.

  Foto: Atle Hole

  Foto: Atle Hole

  Foto: Atle Hole

  Foto: Atle Hole

Kultur

2010 har i så måte vore eit godt år. Tidlegare i sommar stod området ved Gudbrandjuvet i fokus med opning, pomp og prakt.

Like eins vart doen ved Linge ferjekai – omtala som landets dyraste – opna, med samferdsleminister og tungt personell frå vegvesen og fylkeskommune.

17 tonn tung

Laurdag var Tafjord staden då Marianne Heske sin kunstinstallasjon «Soga om ein stein», vart avduka ved Onsilavatnet.

Dette er historia om ein 17 tonn tung stein som i 1999 vart frakta frå Tafjord til Lido i Venezia i samband med filmfestivalen der.

Direktør Nils Anker ved kunstmuseumet Kube i Ålesund stod for avdukinga. Til syne kom då ein stor, flat olivenstein, påmontert 40 fotofrisar i porselen, som dokumenterte soga til steinen som hamna i Venezia.

  • Les intervju med Marianne Heske i papirutgåva laurdag


Trolsk

Tåke ned i fjella laga ei litt trolsk stemning ved Onilsavatnet under avdukinga. Unge musikarar frå Langevåg og Vegsund – for dagen under namnet Stone Band – sytte for fin stemningsskaping for dei knappe 100 frammøtte.

Seinare på dag var det boklansering av boka Stone Story i Kraftverkmuseumet i Tafjord.

Om dei reisande i framtida vil finne vegen til steintavla ved Onilsavatnet og den lafta, 300 år gamle Gjerdeløa nedanfor Zachariasdammen står att å sjå. Men Norddal kommune har røynsle med turisthandtering, og informasjon om attraksjonane var alt på plass i vegkanten.

Relaterte saker: