Molvær lurt i Polen

For andre gong på kort tid må Nils Petter Molvær avlyse ein turné i Polen. Denne gongen fordi ein agent har stole billettpengane og rømt landet.
FAKTA
Kultur

Molvær skulle i utgangspunktet ha årets Polen-turné allereie i april. Men den tragiske flystyrten som tok livet av mellom anna president Lech Kaczynski sette ein stoppar for konsertane. Under den vekeslange landesorga blei alle kulturarrangement avlyste.

Rømt landet

Sula-trompetisten var likevel klar på at han ville prøve igjen. Neste veke skulle han derfor ha fem konsertar i mellom anna Krakow og Warszawa.

Men dei blir det heller ikkje noko av då ein utru agent har lurt både Molvær og konsertarrangørane i Polen.

– Ei veke før konsertane fekk vi vite at agenten har underslått ein større pengesum for så å rømme til utlandet og at han førebels ikkje er funnen. Alle fem konsertane er avlyste, fortel Molvær.

Tapar ikkje

Den prislønte jazztrompetisten var i sommar såkalla artist in residence under Moldejazz.

Denne veka har han konsertar i Frankrike og Spania, men neste veke har han altså overraskande nok fri.

– Vi tapar ikkje noko på dette. Det er nok verre for arrangørane i Polen, og for alle dei som har kjøpt billettar til konsertane, seier musikaren.

Melding på Facebook

For at ikkje fansen i Polen skulle tru at det var trompetisten sjølv som avlyste, så la han måndag ut ei melding på Facebook-sida si kor han beklagar det som har skjedd.

– Det er som ein dårleg film, men vi vil prøve igjen, skreiv Molvær.

– Publikum i Polen er kjempeflott, og det er veldig fint å spele der. Det er synd at denne skurken øydelegg heile turneen, seier han.

Musikaren vil spele i Polen igjen, men veit førebels ikkje når dette blir.

Ikkje sjanse

Molvær, som har hatt mykje konsertar i utlandet i over ti år, seier at han aldri har opplevd noko liknande.

– Eg sørgjer alltid for å bruke lokale agentar som eg har jobba med tidlegare, eller som andre har jobba med. Denne agenten jobba før for eit agentfirma som vi har brukt. Han hadde no byrja for seg sjølv, men meinte vi kunne stole på ham, seier han.

Trompetisten ser ikkje sjølv på dette som ein stor sak.

– Men det viser at det er viktig å jobbe med dei rette folka. Møter du ein skurk så har du ikkje sjanse, seier Molvær.