Pris til filmen om Knut Sigve

Ein jublande glad Knut Sigve Sollid frå Folkestad kunne laurdag ta i mot prisen for Beste Dokumentarfilm 2011, saman med regissør Gunhild Asting.

  Foto: Maria Fagervoll

Kultur

Voldingen har hovudrolla i filmen med tittelen «Knut Sigve fra Folkestad», som kapra den gjevaste prisen i konkurranse med eit tredvetals andre filmar.

– Både Knut Sigve og mor hans, Gudveig, var til stades på prisutdelingsfesten. Vi blei så glade og stolte alle saman, fortel Asting, som blei kjend med dei to då ho laga eksamensfilm om Merkesteinane i Volda i 2004, seinare utvida til langfilmen «It´s Hard to be a Rock´n Roller».

Glad i Volda

Filmen følgjer Knut Sigve som i ein alder av 55 år skal flytte frå barndomsheimen sin i Folkestad, til ny leilegheit i Volda.

Mor Gudveig som nærmar seg 80 føler at tida er inne for dette, mens Knut Sigve er ikke så begeistra for det som skjer.

Men leilegheit i Volda blei det, og alt går bra, i følgje Asting.

– Han trivast kjempegodt, og synest det var så stas at at prisutdelinga skjedde i Volda, som han no er blitt så glad i, fortel ho.

Nominert til Gullruten

Dokumentarfilmen hadde premiere på Volda Filmteater i oktober i fjor, og blei vist på TV2 nokre dagar seinare.

No er filmen om Knut Sigve nominert til Gullruten, som skal delast ut i Grieghallen førstkomande fredag.

– Også då skal mor til Knut Sigve vere til stades. Men hovudpersonen sjølv kjem ikkje, han er i Syden, kan Asting fortelje.

Studentpris til Volda

Prisen for Beste Studentproduksjon gikk til «Under snøen», laga av Hilde Ranheim, student ved Høgskulen i Volda.

Her delte også juryen, med Gunhild Asting, Mali Finborud Nøren og Dag Roland, ut heiderleg omtale til to studentproduksjonar: «Velkommen Inn» av Einar Sleire, og «Persinal Velocity» av Jon Vatne.

Publikumsprisen gikk til «Gazas tårer» av Vibeke Løkkeberg.

– Fleire enn i fjor

Leiar for årets Dokfilm i Volda, Hanna Haug Røset, er svært godt nøgd med årets arrangement.

Kor mange publikummarar filmfestivalen har hatt sidan opninga onsdag var ikkje klart i går.

– Men eg veit at det var fleire på filmane enn i fjor, med ei god blanding av bransjefolk, gamle og nye studentar og lokale filminteresserte, seier Røset, som også i fjor sat i styret for festivalen.

- Kva filmar trakk mest folk?

– Det har vi ikkje eksakte tal på. Men både «Jeg vil takke livet» som handlar om den aidssjuke og rusavhengige Wenche og «Selger 329» med Knut Olav som er selgjar for =Oslo, veit eg trakk mange til kinosalen.

– Det same med «Gazas tårer», trass i at den blei vist torsdag morgon, seier festivalleiar Hanna Haug Røset.