Knut Sigve vann Gullrute-pris

«Knut Sigve frå Folkestad» vann beste tv-dokumentar under Gullruten 2011.

  Foto: Stig Havnevik

Denne prisen går til heile Folkestad

Gudveig Sollid

  Foto: Maria Fagervoll

Kultur

Les helgapraten med Kjell Sigve - og meir om Gullruten - i Sunnmørsposten laurdag

Filmen om voldingen Knut Sigve Sollid frå Folkestad vann prisen for beste tv-dokumentar under den TV 2-sendte prisutdelinga Gullruten fredag kveld.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

– Til heile Folkestad

Knut Sigve var ikkje til stades i salen og kunne feire den gjeve prisen i Spania. Men mora Gudveig Sollid stilte - og tok i mot prisen på vegner av dei som har vore med på produksjonen.

– Det har vore ein fantastisk oppleving og denne prisen går til heile Folkestad, sa ho på scena.

Filmen, «Knut Sigve Frå Folkestad», handlar om hovudpersonen som i ein alder av 55 år skal flytte frå barndomsheimen i bygda Folkestad, til ny leilegheit i Volda. Mor Gudveig som nærma seg 80 føler at tida er inne for dette, mens Knut Sigve er ikke så begeistra for det som skjer.

Dokumentaren er laga av Sant & Usant og regissert av Gunhild Asting. Filmen som blei vist på TV 2 i fjor haust, vann óg nyleg prisen for Beste dokumentarfilm 2011 i samband med Dokfilm i Volda.

Les også: Pris til filmen om Knut Sigve

Tomhendt

Gjengen frå tv-programmet «Et lite stykke Thailand», fekk ikkje med seg nokon pris heim, til trass for heile tre nominasjonar.

Lars Johan Nygård frå Stordal var nominert i kategorien Årets tv-augeblikk og Årets tv-deltakar. Samtidig var programmet hvor vi møter norske menn som har funne kjærleiken i Thailand, nominert som Årets tv-program.

Les også: Venter på Lars Johan
Sjå video: Nominert til Gullruten

Les mer på hjemmsidene til Gullruten