Kongehumor i sogestil

Soga om Kong Arthur på Kongsvollen formidla ei forteljing om dugnadsande, stå-på vilje og kreativitet.

  Foto: Ole Marius Bøstrand

Kultur

Det var strålande sol, god stemning og mykje folk på Kong Arthur spelet 2011. Ordførar i Sande kommune, Dag Vaagen, opna arrangementet med å seie: «Sjeldan kan ein vere meir audmjuk enn når man får æra av å opne dette spelet.» Og vi skulle snart skjøne kva han meinte.

Humor-ablegøyer med rapping og robotdans i byrjinga, sørga for at dei hadde med seg publikum heilt frå start. På årets Ting var det damene som regjerte. Og bygdefolket fekk majestetiske gjestar då «Mette Marit» og «Håkon Magnus» kom for å vitje Kongsvollen.

Bygdefolket meinte at dei hadde kome på feil plass, og at det var Ulsteinvik som var riktig stad å besøke om ein fyrst skulle kome til regionen. «Der drikk sofistikerte folk kaffi frå glas med sugerør, og dei har heile tre apotek.» Dette vart godt motteke av publikum som flira og klappa for humorinnslaga som var nye for årets spel. «Mette Marit» på si side synest det var bra at det var kvinnene som hadde tatt styring på Tinget og avslutta med orda «Dæ glæde mæ at damene har tatt styringa. (...) Å ædde med dæ Håkon?»

Det har seg nemleg slik at ting- scena er annleis frå år til år, og det er dette innslaget dei faste speltravarane gler seg til å sjå. Denne scena visar til ting som har skjedd i lokalmiljøet det siste året. Familie og samhald. Det var berre blide fjes og sjå etter framsyninga. Vi møtte ei stolt mor og to stolte besteforeldre.

– Dette var berre heilt suverent. Eg har vore her heile dagane den siste tida, sida to av døtrene mine er med på spelet. Alt arbeidet som vart lagt ned på førehand har verkeleg vist igjen, fortel mamma, Anne Britt Ekrem. – Spelet er utruleg bra for å vere lokale unge, vaksne og gamle. Eg har vore her før, og det var fint med dei nye innslaga som vart lagt til, fortel bestefar Jens Ekrem. Familie og samhald var noko alle som vi prata med sat høgt med spelet. Høvdingen sjølv, Kong Arthur, spelt av Wilhelm Støylen fortel at alt starta med familien.

– Det var far min som kom på idéen med dette spelet, og eg har vore med heilt frå byrjinga. Spelet er sjølvsagt ikkje noko som utfordrar meg til å bli en betre skodespelar, men det er veldig morosamt å delta. Det er mange kjekke folk her, og heile familien min har vore med på eitt eller anna vis.

Det betyr mykje for lokalmiljøet å arrangere eit slikt teater. Både når det gjeld samhald i familie og i vennerelasjonar, fortel han. Bæ- bæ. Oppe på grastaket sit det fem sauer å breker. Dei er nokon av dei yngste debutantane på spelet, og synest det er kjempe artig å få vere med.

– Vi er dei einaste som får gå opp på taket på hytta. Og Nils er den villaste sauen, fortel Julianne Voksa Bringsvær. Dei likar godt kostyma sine.

– Vi vert mykje sminka og det er gøy. Også får vi vere med å leike i barnehagen, smilar dei og spring vidare med pels og ullsokkar. Ingunn Notøy er årets spelsektretær og ho har handsfree i øret og ser travelt oppteken ut. Men likevel har ho tid til ein kjapp prat.

– Dette er ikkje eit vanleg sogespel, vi skill oss ut med vår unike sprø Monty Python humor. Oppfinninga og ting-scena er jo også annleis frå år til år også. Kva betyr det for lokalmiljøet å arrangere ei slikt spel?

– Det betyr enormt mykje å ha eit så stort prosjekt for eit så lite lokalmiljø. Det binder oss saman og vi blir kjent med folk vi kanskje ikkje hadde verte kjend med. Det skapar eit godt samhald og ei spesiell atmosfære. Det er derfor fleire vil vere med år etter år, avsluttar ho, før telefonen ringar igjen.