Debutant Bragepris-nominert

Sunniva Relling Berg frå Ålesund er ein av 16 forfattarar som er nominert framfor årets Bragepris-utdeling.
Kultur

23-åringen er nominert i klassa for barne- og ungdomsbøker for debutromanen «Utfor» gitt ut på Samlaget. Forlaget omtalar boka som ei ungdomsbok om ei jente som er flink på matematikk, men dårleg på vennskap.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

– Rasande godt

Relling Berg konkurrerer med forfattarane Inga Sætre, Sverre Knudsen, samt Bjørn Arild Ersland og Hilde Kramer, om prisen i kategorien.

– Relling Berg skriv rasande godt. Ho skildrar stemningar så ein kjenner det i magen år ein les, skreiv Sunnmørsposten sin meldar av boka tidlegare i haust.

Prisen vert delt ut i Oslo 24. november, og utdelinga kan i år feire 20-årsjubileum.

Studerar

Då boka vart lansert fortalde forfattaren at ho byrja å skrive den dramatiske historia om Lea for to år sidan.

– Eg hadde denne historia som eg var nøydd å skrive. Etter kvart som eg skreiv, og det viste seg at hovudpersonen var ei 14 år gamal jente, så vart det ein ungdomsroman ut av det, sa ho til Sunnmørsposten.

Mette Karlsvik frå Frei på Nordmøre er nominert for sin roman «Bli Bjørk» i kategorien for skjønnlitteratur.

Sjå dei andre nominerte og les meir på heimesidene til Brageprisen