Pomp og kvalitet

Symfoniorkesteret ved høgskulen saman med solistane Karen Rosenberg Olsen, sopran, og Lars Ivar Nordal, tenor, under leiing av nytilsett dirigent Øyvind Johan Eiksund baud inn til den tradisjonelle nyttårskonserten denne helga.

  Foto: Magne I. Våge

5

Nyttårskonsert

  Foto: Magne I. Våge

Kultur

Dei mange som fylte sitjeplassane i den store kantina, fekk oppleve ei variert og underhaldande anretning der musikalske perler frå opera- og operettelitteraturen stod i kø.

Fin blanding

Komposisjonar av Offenbach, Johann Strauss d.e. og d.y., Donizetti, Tsjaikovsky, Lehar, Elgar og Verdi utgjorde ei fin blanding av orkesterstykke og solo- og duettinnslag.

Alt i Offenbachs Overtyre og Barcarolle fekk orkester og dirigent vist at dei toler å bli samanlikna med tidlegare årgangar. Solid musikalsk heilskap med sikker rytme, reine klangar og stort sett levande dynamikk. Introen til Barcarollen presenterte det nye instrumentet i orkesteret, harpa.

Alt i Flaggermus-sviska «Mein Herr Marquis» er sopransolisten på banen med både krystallklare tonar og sjarmerande scenetekke. Tenorsolisten følgjer opp i ein arie frå Donizettis komiske opera «Elskovsdrykken». Denne framføringa og dei følgjande røper ein lyrisk tenor som med musikalitet og teknikk fengslar tilhøyrarane sine.

Eit sjølvskrive nummer i ein slik konsert med lett, klassisk musikk, er «Vilja-songen» frå Lehars «Den glade enke»: Kort, elegant orkesterintro – smektande sopranliner – orkesteret svarar med same tema – neddempa orkester bak ein tindrande sopran – mellomspel med fløyta på toppen – smeikjande soprantonar som til slutt eksploderer i høgda i eit glitrande sopranfyrverkeri.

Publikum fekk lov å klappe til deler av Radetzky – marsjen av Johann Strauss d.e., medan vi måtte sitje uverksomme under det iøyrefallande «allsongtemaet» «Land of hope and glory» frå Elgars «Pomp and Circumstance, March no 1», som vi alle kjenner frå dei årlege promenadekonsertane i Royal Albert Hall i London.

Musikkglede

Den svært høyrverdige nyttårskonserten vart avslutta med ein duett frå første akta av Verdi-operaen «La Traviata» der hovudpersonane Violetta og Alfredo, over sprudlande champagne, syng «La oss av gledeskjelda drikke….»

Var dette eit medvite dirigentval å hente ein duett frå den triste kjærleikshistoria til Violetta og Alfredo medan det enno var håp, ja, så røper den nye, unge dirigenten sans for også det dramaturgiske! For denne konserten hadde nettopp musikkglede og den gode melodien i sentrum.

Fleire av dei musikkompetente tilhøyrarane i salen meinte at dette var kanskje det aller beste symfoniorkesteret hadde levert til dags dato. Årsaka ligg truleg i følgjande faktorar: Dei innleigde profesjonelle musikarane, særleg i treblåsseksjonen, to unge og svært lovande solistar på god veg inn i ei profesjonell karriere, inspirerande og høveleg sjangerval, dirigent med talent og solid bakgrunn og ikkje minst amatørmusikarar som tek hobbyen sin på alvor. Dette lovar godt!