Relling Berg nominert til debutantpris

Kultur

Sunniva Relling Berg som kjem frå Ålesund, har opplevd stor suksess med den første boka si. Ungdomsromanen Utfor som kom i fjor haust vart kritikarrost og nominert til Bragepris for beste barne- og ungdomsbok. No er boka også nominert til debutantprisen av Kulturdepartementet.

Utfor handlar om Lea som saman med familien flyttar frå byen til ei lita øy i havgapet, i eit hus for seg sjølv på det høgste punktet på øya.

Ho møter naboguten Jonas, og dei utviklar ein vennskap. Men det er noko som ikkje stemmer på den vesle øya. Dei andre ungdommane vil ikkje ha noko med Jonas å gjere, og Lea blir dregen inn i ein konflikt som ho ikkje forstår noko av. Ho må ta eit val. Og ho må finne ut kva det er alle på øya går og teier om.

Ei ungdomsbok om ei jente som er flink i matematikk, men dårleg på vennskap, ei bok om å bli tvinga til å ta vanskelege val, om korleis det kjennest å falle utfor eit stup.



Sunniva Relling Berg er dotter til Hanna Relling Berg som er ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten.