Moteblogg i toppen

Bloggen til Helen Sævik (32) frå Fosnavåg er på kk.no si liste over 12 motebloggar du må få med deg.

Bloggen er min herlege fristad der eg kan glitre og skine litt

Helen Sævik
Kultur

– Det kom som ei stor overrasking, eg vart heilt i sjokk og måtte gråte litt - av glede sjølvsagt, seier Helen Sævik.

Ho fortel om reaksjonen då ho nyleg oppdaga at bloggen hennar er rangert blant dei 12 motebloggane - blant tusenvis - som damemagasinet KK meiner det er verdt å bruke tid på.

Følg smp.no på Facebook

– Og så eg då, som berre er ei heilt vanleg øyataus, kvardagsjente og husmor. Min blogg står på lista saman med modell og moteekspert Hanneli Mustaparta sin blogg, kan du fatte det?

«Tidlaus og elegant»

«Hun er opptatt av skjønnhet, men det er mote som er hovedfokuset på bloggen. Stilen kan beskrives som tidløs og elegant. Du ser henne oftest med jeans, ankelstøvletter, blazere og lekre vesker. Bloggen appellerer i hovedsak til kvinner 25+» skriv kk.no om Helen sin blogg.

Helen Sævik tok til å blogge for eit par år sidan, etter å ha vore innom tilfeldige motebloggar på internett.

– Dette var før blogging var blitt det heilt store, men eg syntest det såg kjekt ut, og eg tenkte eg kunne prøve å formidle litt av mi eiga interesse for mote og makeup, fortel Helen.

Modell og småbarnsmor

Ho jobbar på parfymeri i Fosnavåg og klesbutikk i Ulsteinvik, og tek også oppdrag som modell. I tillegg er 32-åringen mor til to jenter på fire og sju år.

Meir forbrukerstoff på smp.no

– Det er mannen min, Eivind, som er adm.dir. for bloggen min. Han er min rettleiar, rådgjevar og mi gode støtte. Det er han som tek dei fleste bilda og som designar sidene.

Vaktar privatlivet

– Eg passar veldig på å ikkje utlevere for mykje av privatlivet i bloggen. Både familie og vener støttar meg i det eg gjer, men det er viktig for meg at folk rundt meg skal få velje sjølv om dei vil vise att på bloggen min eller ikkje.

Helen har vore interessert i klede og mote sidan ho vart med i Piaf Modellbyrå som 17-åring.

I skapinga av bloggen hentar Helen inspirasjon frå andre bloggar, frå internett, ulike magasin og gjennom jobbane sine. Ho viser ofte fram seg sjølv i dagens outfit, og skriv elles mykje om nytt på motefronten.

50.000 treff i månaden

Den blide fosnavågdama har rundt 50.000 treff på bloggen sin i månaden, i februar var ho rangert som nummer fire på topplista over norske motebloggar, og no har altså kk.no også lagt merke til henne. Det er meir positiv tilbakemelding enn Helen nokon gong har drøymt om å få.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

– Eg er først og fremst mamma og kone, familien er det viktigaste for meg. Men bloggen er min herlege fristad der eg kan glitre og skine litt, ler Helen.

Jantelov

I samband med bloggen har Helen fått merke at det ikkje er berre berre å stikke nasen si fram på ein liten stad som Fosnavåg - ein skal då ikkje tru at ein er noko.

Men etter at ho skreiv innlegget om jantelova har Herøy mjukna litt, meiner ho.

– Folk får berre meine at eg er overflatisk og flanete, eg står inne for det eg gjer, seier ho.

Her kan du sjå bloggen til Helen (ekstern lenke)