Om russisk metode på Dokfilm i Volda

Det skulle handle om russiske miljøvernarar men vart i staden ein film om undertrykking av demokratiske rettar.

Eg kom til Russland ganske blåøygd og tenkte at eg skulle fortelje ei enkel historie. Erik Martiniussen

Kultur

– Undervegs i arbeidet med filmen forstod eg at den måtte handle om meir enn eg hadde tenkt, fortel filmskapar Erik Martiniussen (35).

Han er tilbake i bygda der han tok avsluttande eksamen i dokumentarfilm i 2009. I går hadde filmen hans «Det nye Russland» premiere på Den Norske Dokumentarfilmfestivalen i Volda.

Martiniussen har sjølv bakgrunn frå miljøorganisasjonen Natur og Ungdom, og ønskte å reise til Murmansk for å lage ein film om unge, engasjerte miljøvernarar i eit land med store miljøproblem.

Blåøygd

– Eg kom til Russland ganske blåøygd og tenkte at eg skulle fortelje ei enkel historie, fortel 35-åringen.

Han kjende att seg sjølv i ungdommane i Murmansk Natur og Ungdom, men oppdaga fort at dei har meir å stri med enn berre miljøproblem.

– Organisasjonen vert overvaka av politi og etterretning, og det vert heile tida lagt byråkratiske og andre hindringar i vegen så det blir nesten umuleg for ungdommane å få til noko som helst, seier Martiniussen.

Finurleg

Den halvtime lange dokumentarfilmen tek føre seg korleis styremaktene i Russland på finurleg vis brukar politi og etterretningsvesen for å undertrykkje opposisjon og sivilsamfunn.

Filmskaparen fekk sjølv store problem med å gjere jobben sin då han var i Murmansk for å filme.

– Også eg vart overvaka av politiet, og vart kalla inn til avhøyr av etterretninga som ville vite kva eg dreiv med, fortel Martiniussen.

Presset aukar

Hovudpersonen i «Det nye Russland» er Vitaly Servetnik (25), som var leiar for Natur og Ungdom i Murmansk då Martiniussen var der og filma. Servetnik er i Volda for å få med seg premieren på filmen.

– Vi møter motstand i arbeidet vårt, men folk blir i stadig større grad opptekne av miljøproblema, og presset aukar mot styremaktene. Framleis er det somme som trur at vi arbeider imot styremaktene, men fleire og fleire forstår at dette skremmebiletet er feil, seier Servetnik, som no arbeider i Kola Environmental Centre.

Han er spent på mottakinga av filmen, og håper den kan vere med på å rette merksemda mot miljøproblema i Russland.

Ikkje sjølvsagt

Filmskapar Martiniussen håper «Det nye Russland» vil minne nordmenn på kor viktig der er å engasjere seg, og at det ikkje er ein sjølvfølgje å få drive politisk arbeid i frie former.

I dag er siste dag av årets Dokfilm i Volda, og også i dag er det muleg å få med seg ei rekkje dokumentarfilmar både på Samfunnshuset og på Rokken. Blant anna står filmen «Ishavskjerringa» på programmet. Det er også folkefest i Uppheimsparken og ei eiga dokfilmavdeling for barn.

Sjå også: Den Norske Dokumentarfilmfestivalen (ekstern side)

Sjå også: Har nærfilma Komet-Knut

Les fleire kulturnyheiter på smp.no