Gruveblues høgt til fjells

Både kløvhestar og helikopter måtte til for å klargjere det nye arrangementet til bluesfestivalen i Ørskog i år.

Galskap er det dette er

Jo Even Tomren
Kultur

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, er eit passande ordtak for den nye ideen til Ørskog Blues Club.

Dei har nemleg lagt opninga av bluesfestivalen til gruvene langt oppi fjellet.

Det måtte både hestar, helikopter og fleire hundre arbeidstimar til for å bringe ideen til live.

– Galskap er det dette er, seier initiativtakar Jo Even Tomren. Det var nemleg han som lufta ideen for blueslaget i fjor etter førre festival.

– Først var alle negative til ideen min, men då eg fortalde dei at eg kom til å setje planane ut i livet anten med eller utan deira hjelp, var alle saman snare om å støtte meg.



Lang planlegging

Tomren har jobba med dette prosjektet sidan i fjor sommar og ser seg svært nøgd med resultatet.

– Det har vore mykje slit. Vi har lagt ned mellom 350 og 400 arbeidstimar i dette prosjektet, så eg håpar folk set pris på det.

Tomren fekk ideen som ein måte å få publisitet og reklame for festivalen.

– Det er vanskeleg å få nok publisitet rundt denne vesle festivalen, men med eit slikt eineståande prosjekt vil nok folk ta turen, berre for å sjå all galskapen, ler han.



Folksamt

I ekte vestlandsvêr med tjukke grå skyar og regn i lufta var det om lag 400 som hadde møtt opp for å sjå bluesbandet Last Train Home spele på ei heimesnikra scene framfor inngangen til gruva.

– Det er heilt forunderleg at så få veit om desse gruvene. Vi har samarbeida tett med historielaget til Ørskog, og har funne ut at det er fleire slike gruver oppover i fjella. Dette er ein måte vi kan spreie informasjon blant folk på, seier Tomren.



Samarbeid

For å få i gong det spesielle prosjektet har blueslaget samarbeida med både historielaget og fjordhestlaget.

Gruvene måtte sikrast så det ikkje var fare for ras, og hestane måtte til for å frakte alt utstyret opp til konsertplassen. Det er nemleg ikkje mogeleg å kome seg opp med unntak av ein bratt og gjørmete turveg.



Familietur

Mange barnefamiliar hadde teke turen opp i det heller dystre vêret for å få med seg blues i sitt rette element.

– Eg kom heim frå Drammen i går, og var fast bestemt på å få med meg denne opninga, seier Amalie Mathisen, som også hadde tatt med seg vesle Adriana Sjøholt Mathisen på snart tre år.

– Det var vanskeleg å ikkje høyre om det nye opplegget i år ettersom eg kjenner dei som var ansvarlege for det, og sidan eg er frå Sjøholt.

Mathisen meiner dette er eit flott arrangement, og at stemninga vert mykje betre i slike omgivnader.

– Eg synest heile konserten får meir sjel. Det er også viktig å lære litt om historia, og dette er ein spennande og original måte å gjere det på.



Stemning

Med aggregat gjekk bluesgruppa Last Train Home på scena og alle dei om lag 400 frammøtte var i god stemning. Dei både song og klappa med, medan bandet laga liv med stor variasjon av instrument og ein fengjande bluesrytme.

– Eg meiner vi har fått til akkurat det vi prøvde på. Nemleg å skape blest rundt Ørskog bluesfestival. Om dette skal gjerast fleire gongar veit eg ikkje enda, men no er alt klart. Plassen er rydda og scena står klar, om vi finn ut at vi vil prøve igjen, seier Jo Even Tomren.