Fargerikt gardshotell

Dei satsar på gardshotell med særeigne rom. Terese Balsnes og Geir Holmen har opna dørene for gjestar på Balsnes gard i Eid.

Det er nesten til det kvalmande nasjonalromantisk, men vi må bruke dei føremonene vi har. Terese Balsnes og Geir Holmen

Kultur

Det raude våningshuset ligg høgt og fritt, omkransa av fjord og fjell.

– Det er nesten til det kvalmande nasjonalromantisk, men vi må bruke dei føremonene vi har, gliser vertskapet. Tre år er brukt på totalrenovering av eit hus på 500 kvadratmeter – no omskapt til hotell med fire spesielle rom. Her satsar dei på gylne augneblikk, servert med omtanke og entusiasme. Vertskapet sjølv bur i ein firedel av huset.

– Vi gjekk i gang med naivt pågangsmot, fortel Geir. Huset si sjel har dei vore tru mot, men har tilført nye element, design og material.

– Det har vore viktig at huset skal identifiserast med oss. Her har ein moderne design knytt til tradisjon, fortel Terese.

Generasjonar

Ho er sjette generasjon på garden, og er første kvinnelege gardbrukar. For henne er det naturleg med alternativ drift med hotell.

Hotellet ligg midt i gardsidyllen med kosedyr som katt, hest, høner og flaskelam. Hotelldrifta vert Terese sin jobb. Geir held fram som operahusleiar på Nordfjordeid, samtidig som han hjelper til med hotellet.

Ho har gått gründerkurs, og også Innovasjon Norge har sterk tru på dei, og har gitt 350.000 kroner til prosjektutvikling og marknadsføring. Dei har også fått uvurderleg hjelp frå Terese sine foreldre.

Verda til oss

Tanken om å drive gjestehus begynte å forme seg etter at dei reiste som ryggsekkturistar, og Amerika, Australia og Asia vart saumfare i åtte månader. Då prøvde dei ut svært ulike overnattingsplassar.

– Vi såg kva som fungerte, seier dei, og visste at gamlehuset heime hadde stort potensial.

– No er det verda som kan kome til oss, seier dei. Utgangspunktet er familiegarden frå 1870. Målet har vore å ta vare på atmosfæren og det opphavlege, sjølv om det no ser annleis ut.

Levd liv i veggane

Fortida har sett sine spor i romma på garden.

– Her er så mykje levd liv i veggene, konstaterer Geir. Dei opphavlege fargane er henta fram, og bortimot femti fargeprøver har vore tatt før vertskapet var fornøgd. Ein del av fargane endrar seg med dagslyset.

Dører som har levd eit langt liv får framleis gjere si nytte, slik som nokre gamle dører som har stått lagra på ein låve på Høynes.

– Det viste seg at dei gamle fargane glei rett inn her, og vi bestemte oss for å behalde dørene slik dei var. Dei skal vere slitne og brukte, smiler vertskapet.

Ingenting er tilfeldig, og alle detaljar er nøye gjennomtenkt før gjennomføring. Dei har også fått god hjelp frå Geir si søster som er interiørdesignar. Ei god blanding av stilar er sett saman, og dei har ikkje bunde seg til ein tidsepoke. Møblane er ei lett blanding av arvegods og bruktkjøp.

– Målet har vore at alt skal passe i lag. Dei gamle møblane betyr noko for oss, fastslår dei.

Utfordringar

Ei stor byggeteknisk utfordring har vore alle skakke krinklar og krokar i det gamle huset som skulle tilpassast. Her fins ikkje standardløysingar. Å leve eit familieliv samtidig med byggeperioden har også vore ei utfordring.

I sommar har dei allereie hatt bryllaup og konfirmasjon. Dei ser også næringsliv som ei viktig målgruppe. Kurslokalet har plass til tretti, og vertskapet lovar alt av moderne konferanseutstyr.

– Vi ligg midt i Nordfjord og med fly er vi berre 2 1/2 time frå Oslo, konstaterer dei, og freistar med turstigar og Harpefossen skisenter like ved.

Lokalmat

Dei satsar på lokalmat, og har med seg eit kokketeam på tre som kjem når det skal arrangerast større selskap.

– Vi serverer mat frå Nordfjord, laga frå botnen. Vi har mat med identitet, som røykelaks frå Måløy, heimelaga syltetøy eller «Tilslørte Balsnespiker». På menyen vil det stå både langtidssteikt hjort og sosekjøt.

– Vi har stor tru på hotelldrifta vår, smiler vertskapet, som struttar av sjølvtillit. Å ha hotell og familieliv i same hus blir ein livsstil.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Sjå også: Kåra til beste spisestad i Møre og Romsdal