Frå rapp til teater

Eitt av stykka som har premiere på Teatret Vårt i år er ungdomsstykket «Lilla» av Jon Fosse. Instruktør og komponist er Runar Gudnason.

INSTRUKTØR. Runar Gudnason, kjend som rappar og frontfigur i hiphopgruppa Side Brok. No skal han instruere skodespelarar.  

Runar Gudnason
  • Født i1972, er islandsk statsborgar, fødd i Trondheim og oppvaksen i Hovedbygda i Ørsta.
  • Han har budd i Danmark sidan 1995, i København frå 2000.
  • I siste halvdel av 1990-åra studerte han språk og media ved Universitetet i Aalborg. I denne perioden hadde han fleire ulike jobbar, mellom anna innanfor film og fjernsyn.
  • Frå 2001 har musikk vore hovudgeskjeften hans.
  • Som tenåring var Gudnason interessert i hiphop, men han skreiv ikkje eigne tekstar før han flytta til Danmark. Tekstane vart ikkje framførte før hiphop-gruppa Side Brok vart starta i 2000.
  • Tekstane handlar om heimstad, identitet og kvardagsliv, og Gudnason har skrive spesielt om rånemiljøet i Ørsta og Volda.
Kultur

– Eg likar å gjere ting eg ikkje kan. Og teaterinstruktør har eg aldri vore før, seier Gudnason, kjend som rappar, låtskrivar og frontfigur i hiphopgruppa Side Brok.

«Lilla» er eitt av Jon Fosse sine over 30 skodespel, og hadde premiere på The Royal National Theatre i England i 2003.

«Lilla, av den merkelege, dragande norske forfattaren Jon Fosse, framstiller i konteksten av eit nystarta guteband ei tenåringsverd av sex, kjekling og maktkamp. Stykket held eit voldsomt grep om publikum», skreiv den kjende britiske kritikaren Nicholas de Jongh i Financial Times.

Stykket har også vore på repertoaret i den nasjonale ungdomsteater-konkurransen Den Unge Scene.

På kulturtorget

Fem skodespelarar er med i oppsetjinga på Teatret Vårt, deriblant Hilde Marie Farstad og Eldar Skar.

– Vi har så vidt byrja øvingane. I første omgang øvde vi inn ein scene til Kulturtorget i Møre og Romsdal, fortel Gudnason, som syntest det gjekk greitt å vere instruktør.

Ungdomsarbeidar

Heilt urøynd er han ikkje.

I tillegg til å arbeide som musikar og låtskrivar har Gudnason arbeidd med born og unge, mellom anna ved å halde skrivekurs og rapp- og hiphopkurs.

I 2005 var han medregissør på dokumentarfilmen «Cph remix», ein film om ulovleg gatekunst i København.

– På Teatret Vårt veit dei at eg ikkje har jobba med teateroppsetjingar før, og er veldig greie og hjelpsame, seier han.

Komponist

Musikken til stykket er det også Gudnason som skal stå for.

– Det blir meir som lydkulissar, som skal brukast i samspel med dialogen. Men det blir eit rytmisk lydbilete.

Skulesekken. «Lilla» skal etter planen ha premiere på Plassen i Molde, på seinsommaren eller hausten.

Blir produksjonen kjøpt av Den kulturelle skulesekken, blir det for 9.-10.-klassingar og elevar på vidaregåande skule.