Førstkomande laurdag inviterer ho til dansekonkurranse i sjangrane jazzdans, hiphop og musikkteater på Ørsta kulturhus. To erfarne dansarar frå Canada og Thailand er hyra inn for å vere dommarar i konkurransen.

– Danseelevane mine har ønskt seg at eg lagar til ein konkurranse. Det er spennande og lærerikt å få profesjonelle tilbakemeldingar på det dei driv med i danseskulen, seier kanadiske Taws, som er danselærar i Ørsta Volda ballettskule.

320 elevar

Heather Taws underviser i jazzdans, hiphop og musikkteater, medan Renata Nagy Vynikalova frå Tsjekkia underviser i klassisk ballett og samtidsdans. Til saman har Ørsta Volda ballettskule 340 danseelevar mellom seks og 22 år.

– Eg ville gjerne ha med dansarar frå andre danseskular i regionen i konkurransen, men det har vore vanskeleg å få til, dessverre, fortel Taws.

Utdanning

Taws har vore to år i Ørsta Volda ballettskule, og berre på denne korte tida har ho sett ein auke blant unge i interessa for å lære seg å danse. Alle klassene hennar er stappfulle.

– I Norge er det ikkje så realistisk å verte profesjonell dansar. Men å gå på danseskule har likevel stor verdi. Å lære seg å danse på framom eit publikum byggjer sjølvtillit, ein lærer jobbe i team med andre dansarar, og ein lærer å uttrykkje seg sjølv. Å danse er ei utdanning som skaper gode haldningar, samtidig som det gir god helse, seier den kanadiske dansepedagogen.

Kule ungar

Ho har sett mange sjenerte barn vekse i løpet av tida på danseskulen.

– Eg har ein del sjølvsikre, kule ungar i danseklassene mine. Før torde dei ikkje prate, no snakkar dei nesten heile tida, smiler og spelar skodespel som aldri før, ler 26-åringen.

Ørsta Volda ballettskule vart starta opp i 1986, med 70 danseelevar. Danseskulen er unik på den måten at den er hundre prosent foreldrestyrt.

– Økonomisk går det rundt sånn akkurat, men ballettskulen eksisterer takk vere stor dugnadsinnsats, fortel Synnøve Rekkedal Hill, som er ulønt styreleiar med rektoransvar i Ørsta Volda ballettskule.

Dansar med proffe

Opp gjennom åra har danseskulen vakse seg stadig større, men til no har alle som har ønskt det fått plass i ein danseklasse. Ballettskulen har fire store framsyningar i året, og den einskilde elev frå sju år og oppover er med på to av desse.

– Vi er nok den einaste amatørballettskulen som samarbeider med profesjonelle institusjonar i utlandet. Vi har sett opp fleire full-lengde-framsyningar. Det er fantastisk for dei unge danseelevane å få opptre med profesjonelle dansarar, seier Rekkedal Hill.

Også ho meiner at å vere del av ein danseskule har oppdragande effekt.

– Ei fantastisk opplæring i disiplin og samarbeid, meiner ballettskulerektoren.

Heather Taws og Renata Nagy Vynikalova, dansepedagogar i Ørsta Volda ballettskule. Foto: Hild Nordal