Fekk applaus for rasteplassopptreden

– Nokre kinesarar gav oss underlege blikk, men elles trur eg dei fleste syntest det var greitt.

Sjå opptak frå rasteplassturneen på Sunnmøre.

Geiranger: Arnfinn Killingtveit, Bernt Isak Wærstad og Martin Palmer spilte rasteplassturné torsdag. 

Kultur

Slik oppsummerer Eirik Havnes intensivturnéen åtte støymusikarar i «Polymono Antistereo» hadde på rasteplassar mellom Stryn og Ålesund torsdag.

Les også: Vil ryste bobilturister med bråkemusikk

– Det er ufatteleg fint mellom Stryn og Geiranger, så dei aller fleste stoppa vart på den strekninga. Vi hadde seks-sju tilhøyrarar per rasteplass, nokre klappa og fleire kom bort og prata med oss, fortel Havnes.Konsertrekkja, som inneheldt sagbladkonsert i Ørnesvingane og gitar- og banjoduett på Linge-ferja, vart avslutta ved Fjellstua like før midnatt.

– Responsen har vore jamt god, naturen er fin, og vi er godt nøgde, fortel musikarane.

Følg smp.no på Facebook