– Ho er samfunnsengasjert og uredd, har ei ung, men etablert stemme og er svært aktuell med ulike litterære prosjekt, seier programansvarleg Karine Munch for festspela i ei pressemdling.

Agnes Ravatn har nyleg gitt ut romanen Fugletribunalet og er fast spaltist mellom anna i Dagbladet og Dag og tid.

Festspeldiktaren sjølv vart både overraska og glad då ho fekk meldinga.

– Då eg fekk beskjeden blei eg først stum. No når eg har fått summa meg litt, gler eg meg berre enormt til fire strålande junidagar med fest og moro, seier Agnes Ravatn.

Agnes Ravatn er forfattar og spaltist frå Ølen i Vindafjord. Ho debuterte med romanen Veke 53 i 2007 og har sidan den gong gitt ut fleire kritikarrosa og prislønte essaysamlingar. Ravatn er kjend for si særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit.

I 2007 fekk ho Natt og Dags Bergenspris for Veke 53, og blei nominert til Brageprisen i 2011 for Folkelesnad. Same året fekk ho Språkprisen 2011. I 2013 vart ho tildelt Hestenesprisen.

– Det er ei stor ære å kunne gå inn i rekkja av festspeldiktarar. Eg lovar å gjere mitt aller yttarste for å ikkje gjere skam verken på Festspela eller på meg sjølv, seier diktaren sjølv.

Grunnlovsjubileet neste år har inspirert festspelarrangøren til å velje makt som tema.

– Makt gir oss store rom når vi skal fylle dei ulike programpostane, og vi vil gi publikum både gode festivalopplevingar og eit par kraftfulle debattar, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.