- Det Norske Teateret har tolka Glimmerdal og Tonje på ein kjempeflott måte. Det er ei ære for meg at dei har valt å gjere dette stykket. Dette fyrste gongen eg har sett framsyninga og det var kjempekjekt. Både alvorleg og morosamt, akkurat slik det skal vere, seier Maria Parr etter premiera på Det Norske Teateret i Oslo.

Barna er viktigst

Før framsyninga var forfattaren mest spent på kritikken frå barna.

- Det viktigste for meg er at ungane som ser stykket får ei god oppleving, så enkelt er det. Om ungane kosar seg og får noko ut av det, er det etter mi meining ein suksess.

Iben Otto Handeland (10), Elisabeth Rose Birkevold (8) og Alba Regine Arnesen synes stykket var veldig gøy.

- Vi vil gi det terningkast seks, slår dei fast.

Les også: Spektakulært barneboksalg verden rundt

Les også: Tonje Glimmerdal i levende live

Les meir om denne saka i Sunnmørsposten på måndag.