– Eg oppdaga at det var mange andre som laga knivar. Flinkare enn meg, var dei også, smiler Rolf Per Saure.

Dermed fann han sitt nisjeprodukt: bakelsjarn spesiallaga for strandabakkels – ein lokal variant av tynnbakelse.

Sjå også avstemming under: Kva for kaker er det som eigentleg høyrer med blant dei sju sortane

Vakka på seg

– Eg tenkte først eg skulle lage eitt til garden der eg kjem ifrå. Men det har berre vakka på seg, seier 75-åringen, opphavleg frå Bjørke i Hjørundfjorden.

Han har budd i mange år på Stranda. I sitt yrkesaktive liv var han for det meste mekanikar og anleggssmed.

Vi møter han i den vesle verkstaden han har i kjellaren heime hos seg sjølv. Det er berre å gå etter bankelyden som utan problem overdøyver nitimen frå reiseradioen på benken.

På veggene heng det ulik reiskap. Ferdige og halvferdige jarn ligg i hyllene.

Tidleg

– Eg har i grunnen drive med liknande arbeid sidan eg starta i mekanikarlære som 16-åringen, seier Saure.

Men det var først i 2012 at han tok til å lage bakelsjarn.

– Sidan har det berre auka på. Dei ringjer frå heile landet for å bestille. Ja, eg har til og med levert eit jarn til ein kunde i USA. Akkurat kor mange eg har laga, er eg ikkje sikker på. Men det har nok passert 40.

Mønster

Jarna er særs forseggjorde. Alle har ulike mønster, alt etter kva kunden ber om.

Her er til dømes akantusranker, løve, ørn, due, blomar, kors – og gjerne ei tekst eller initialane til vedkomande som skal ha jarnet. Og så signerer Saure kvart jarn med sitt eige namn ved hjelp av ei trykkluftspenn.

Han fortel at det tidlegare var vanleg over store delar av landet å steike tynnbakels over open eld med slike jarn.

Avlettjarn

I Gudbrandsdalen kalla dei det for avlettjarn, i Trøndelag sa dei oblatjarn. Ein anna nemning var aposteljarn.

Sunnmøre museum har eit bakelsjarn som har innhogd årstalet 1733, og har tilhøyrd Torine K. Furset. Jarnet gjekk under namnet «Mass-Torina-jarnet».

Men det finst jarn fleire andre stader, og det eldste Rolf Per Saure har sett var datert 1709.

I Stranda har det vore fleire kjende smedar som har laga bakelsjarn, slike som Lars E. Helstad, Leif O. Engeset, Johan Hovde og Jon Bratli.

Rolf Per Saure har henta inspirasjon frå mange gamle bakelsjarn og kopiert motiv. Råvarene til jarna får han frå Engeset Mekaniske på Stranda. Desse er utskorne frå jarnplater ved hjelp av laserskjerar.

Tålmod

– Det tek tid å lage bakelsejarn?

– Ja, det gjer det. Dette er eit tolmodsarbeid. Det tek tid å hogge inn mønster i jarnet. Men eg har god tid. Og så føler eg at eg gjer eit viktig arbeid ved å halde denne tradisjonen i hevd. Difor prøver eg også å spore opp gamle jarn for å lære meg nye motiv og mønster.

Kor mange timar som ligg bak eit jarn varierer. Men Saure seier at det går ikkje an å rekne timebetaling, for då blir det smått.

– Glade og fornøgde kundar er derimot mi beste betaling, legg han til.

Elfrid

– Lagar du sjølve strandabakkelsen også?

– Nei, det er det kona Elfrid som gjer. Strandabakkels er julemat her inne i fjordane. Ja, det blir servert også ved andre høgtider. Det kan gjerne servert med eit glas heimebrygga vin til, seier Rolf Per Saure.

– Framgangsmåten når ein skal lage strandabakkels er å leggje røra i forma og steike ho på 130 grader, legg han til – før han blir avbroten av telefonen som ringjer.

Smeden finn fram bestillingsboka si og noterer namn og nummer.

– Det var frå Nordmøre. Ho skulle ha eit jarn, ja, ler 75-åringen etter at han har lagt på.

Kva kaker er det som høyrer med blant dei sju sortane?

(Avstemmninga er no avslutta.)

<strong>SMED:</strong> I verkstaden sin på Stranda lagar Rolf Per Saure bakelsjarn på bestilling frå inn- og utland. Jarna blir nytta til å lage strandabakkels. FOTO: TERJE ENGÅS