Truleg vil dei fleste meine at det beste kom til slutt. «Herrenes glade gutter» handla om at sykkylvsprestane Erlend Lunde (Egil Astad) og Helge Standal (Jarle Strømmegjerde) tok seg kjappe avstikkarar ut til leikeapparata i kyrkjeparken like ved.

Dette vart så populært at også tidlegare prestar i Sykkylven, som Trygve Ebbesvik (Gjertrud Østrem) og Øystein Braaten (Kjell Løseth) slo seg med i leiken. Brått dukka biskop Ingeborg Midttømme (Ingunn Hunnes) opp og ville ha slutt på leiken. Eit godt nummer både verbalt og songmessig.

Lyshol i sentrum

Om Bjørn Idar Lyngvær brukar mesteparten av tida i kommunestyret til å studere ordførar Petter Lyshol skal vere usagt, men sikkert er det at Lyngvær imponerte stort i fleire nummer, nettopp som ordførar Lyshol. Smilet, måten han ordla seg og kroppsspråket; alt imponerande likt.

I sketsjen «skumil» var Erna Solberg (Petter Hole-Drabløs) på plass og lanserte ein av Petter Lyshol sine idear for pressa. Om alle sunnmørskommunane samla seg til ein kommune, vart det bru over Storfjorden straks, utan bompengar.

Og best av alt vil somme meine: Både Hafast, Fefast og Syfast (Sykkylven Magerholm) vart realisert.

Gode debutantar

Sylvi Listhaug (Ingunn Hunnes) var innom ein gardbrukar i Sykkylven, lokalavisa sin slankeaksjon fekk sin rettmessige plass både i ord og tonar, gamleordføraren Jan Kåre Aurdal (Kjell Løseth) dukka opp i ein monter og truga med politisk comeback. Ein russisk ballettdansar sveipa innom, og like eins italienske monstermastarbeidarar.

Trioen Frode Værøy, Grethe Helen Tynes og Charlotte Gulla Tandstad var debutantar og gjorde eit framifrå inntrykk på lik line med ein elles rutinert stab. Arve Opsahl hadde som vanleg det musikalske ansvaret.