Fosnavåg konserthus opnar i oktober og opningsveka har alt vore under planlegging lenge. Fredag kom den første nyheita om kva som skje, ei nyheit som skal vise litt av nivået som bli både på konserthus og opningsveke.

Arrangementsansvarleg Bjørn Holum sa dei har fått tak i Norges beste band – Kringkastingsorkesteret (KORK).

Følg smp.no på Facebook

KORK gler seg

KORK kjem med full besetning, over 50 musikarar, og er i ferd med å lage spesialskriva ouverture med innslag av to Herøy-songar.

Orkestersjef Rolf Lennart Stensø fortel at orkesteret gler seg til å vere med.

– Det er ei begivenheit å vere med og opne eit slikt hus.

Han var også fornøgd med at dette var eit konserthus der ein hadde lagt vekt på akustikken.

– Vi har dessverre sett ei rekkje fleirbrukshus som ikkje blir noko av noko, men her er det lagt ned mykje ressursar i anlegg og utforming av sal. Det gjer det ekstra interessant for oss.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Frå overvakingskamera

KORK skal også samarbeide med Magne Furuholmen og Apparatjik under opningskonsertane.

Det skal plasserast overvakingskamera rundt i Fosnavåg sentrum der det som skjer blir registrert som grafiske punkt. Dette blir igjen omgjort til musikk som skal framførast av Apparatjik og og Kork. Dette har aldri vore gjort før.

– Ei fantastisk mulegheit for oss, seier orkestersjef i Kork, Rolf Lennart Stensø.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Fleire arrangement

Ordførar Arnulf Goksøyr gler seg til opninga av konserthuset der lokale, nasjonale og internasjonale krefter skal drage i lag.

– Og det blir særdeles spennande å høyre lyden av Fosnavåg kopla til var nasjonale stoltheit, kringkastingsorkesteret.

Det skal vere fleire arrangement både gjennom opningsveka og utover hausten.

– Og når dette vi fortel om mi dag  berre er starten, så trur eg det skal bli spennande for folk å følge med framover, seier Bjørn Holum som lovar fleire rosiner i pølsa en det som no er kjent.