Arild Våge Berge (33), opphavleg frå Ørsta, jobbar med å få på plass utstillinga si «Nedarva retning» i Bakketunet på Bjørke til helga.

Demning Bilde frå demninga ved Tussavatnet, frå kunstprosjektet «Nedarva retning». Foto: Arild Våge Berge

For nettopp på Bjørke var farfaren til Arild, Sveinung Berge, leiar for utbygginga av Tussa sin kraftstasjon der, på 1960-talet. Og det er farfaren og arbeidet hans med vasskraftutbygging som er utgangspunktet for kunstprosjektet.

– Farfar gjekk bort i haust, og då han vart sjuk var eg ein del saman med han. Det var interessant å høyre han fortelje om livsverket sitt. Kraftprosjektet her på Bjørke var stort, krevjande og ei formidabel ingeniørbragd. I tillegg var kraftverket og straumproduksjonen viktig for Bjørke-samfunnet, seier 33-åringen.

Heider

I utstillinga som tek form i Bakketunet, har Våge Berge m.a. eigne fotografi, tekst og film, og historiske bilde og planteikningar frå farfaren sitt arkiv, som kunstnaren har forenkla og stilisert. Kunstprosjektet undersøkjer grensa mellom natur og kultur, fortid og notid, materialitet og minne.

Straum Kunstnaren har vandra mykje i Bjørke-fjella i samband med kraftkunstprosjektet. Foto: Arild Våge Berge

– Utstillinga er på ein måte ein heider til det arbeidet farfar gjorde, sett opp imot mine tankar som kunstnar. Inngrep i naturen er sentral tematikk for meg. I dag hadde ein kanskje ikkje fått bygd slike anlegg, med tanke på naturvern og miljøomsyn.

33-åringen er oppteken av grensa vi set opp mellom oss sjølve og naturen, mellom det menneskeskapte og det urøyvde – og korleis vi veg det funksjonelle opp mot det estetiske.

Med dei evige naturkreftene, kraftverket som temmer dei, og tapet av ein kjær familiemedlem som bakgrunn, ønskjer kunstnaren å stille spørsmål om kva vi kan skape, kva vi er i stand til å bevare, og kva som til slutt må forsvinne.

«Nedarva retning»

Arild Våge Berge har ein bachelorgrad i fotografi, og følgjer no masterprogrammet i kunst ved Kunst og Designhøgskolen i Bergen. Han jobbar også som lærar i vidaregåande skule.

– Farfar syntest det var spennande at eg er fotograf, og at eg er lærar. Og han syntest det var kjekt at eg var interessert i å høyre han fortelje frå livet sitt. Men at eg såg kunst i det som hadde vore arbeidet hans, det var vanskeleg for han å forstå. Det aksepterer eg. At ein mann fødd i 1920 skulle forstå min konseptuelle kunst i 2015, det er for mykje å forlange, synest 33-åringen.

Prosjektet «Nedarva retning» er gjennomført med støtte frå Tussa Energi. Under utstillingsopninga i Bakketunet førstkomande søndag, vil gruppa HITYAMAC bidra med eit musikalsk innslag. Utstillinga vert ståande ut august.