– Dette er heilt perfekt. Eg har lenge hatt lyst til bruke eit heilt år berre til å jobbe med bilde. Tida i utlandet skal eg bruke til å ta masse foto og gå i galleri for å sjå andre sine fotografi. Eg gler meg.

Geir M. Brungot er godt nøgd med å ha blitt tildelt to stipend frå private stiftingar i Oslo. Det eine er frå Ingrid Lindbãck Langaard stiftelse som gir han gratis opphald eit halvt år i Paris. Medan Fegerstens stiftelse har gitt Brungot 50.000 kroner i stipend.

– Cash og opphald

Stipenda gjer meg i stand til å bu i Paris ei lengre periode, seier han.

I tillegg til det halve året i den franske hovudstaden, har Geir M. Brungot fått eit stipend av Hannover Kunstverein. Det gjer at han frå midten av februar og ut mars får opphalde seg gratis i eit studio den tyske kunstforeininga har i Hannover.

Paris-foto

Når Geir M. Brungot 1. mai reiser til Paris, for å bu der til i slutten av oktober, er det andre gongen stipend frå Ingrid Lindbãck Langaard stiftelsen sikrar han opphald i den byen. Første gongen var i perioden november 2004 til april 2005.

Stiftelsen eig fire atelier/leilegheiter ved kunstsenteret Cite Internationale des Arts i Paris.

– Faktisk skal eg bu i akkurat den same leilegheita som eg gjorde den gongen, fortel fotokunstnaren om det første Paris-opphaldet som resulterte i fotoutstillinga «Reflexion de Paris».

– Og at eg trefte Zdenka. Det er det beste, seier Brungot om kona,- dansaren Zdenka Brungot Svitekova. Når det gjeld Paris-opphaldet opplyser Geir M. Brungot at han fekk alt han søkte om.

– Kvifor det, trur du?

– Fordi eg jobbar med bra ting. Det rare er at eg slit med å få stipend i mitt eige heimefylke, men får stadig stipend i Oslo. Tidlegare direktør ved Astrup Fearnly Museet, Hans-Jacob Brun, sit i begge stiftelsane som har gitt meg stipend. Han likar bilda mine. Det har kanskje ein samanheng. meiner Brungot.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Fleire galleri

«Reflexion de Paris» består av vel hundre fotografi av bygningar, personar og omgjevnader som speglar seg i den blanke fasadeveggen til det franske nasjonalbiblioteket. Kvar dag under Paris-opphaldet i 2004/2005 gjekk Geir M. Brungot tilbake til den same veggen, og fotografert i ulike lysforhold. Hans fotografiske Paris-refleksjonar er i ettertid blitt vist i Trondheim Kunstmuseum i 2006, Kunstmuseet Kube i 2007 og i Galleri F 15 på Jeløya i 2009.

– Når eg no kjem tilbake til Paris, vil eg prøve å få stille ut nokre av «Reflexion de Paris»-bilda i Nasjonalbiblioteket. Det hadde vore artig å få vist dei der, seier kunstfotografen som også under dette opphaldet kjem til å fotografere motiv som blir reflektert i akkurat denne veggen av rustfritt stål.

– Ut over det har eg ingen konkrete planar eller mål for Paris-opphaldet. Men eg skal ta masse foto, og sjå masse foto. Så får eg sjå kva det blir til etter kvart, seier Geir M. Brungot.

Les også: Spor av levd liv og skjøre minne

Vise video

Før han reiser til utlandet, skal Brungot delta i «Moving 2013» som blir arrangert i Ålesund i mars. Under årets kunstprosjekt, der digitale bilde blir vist på husfasadar i byen, skal Brungot presentere videoen «Forflytting».

– Den viser folk som går. Alt er filma i Praha, fortel fotokunstnaren som sjølv skal flytte seg mellom Sykkylven, Hannover og Paris i år.

Bilde nr. 2, 2sp breidde