I haust vart «Børning» tildelt Amanda for årets film. No er det klart at oppfølgjaren «Børning II» får start i Fosnavåg.

– Naturen her er berre heilt fantastisk, og dannar i seg sjølv grunnlaget for nokre spektakulære filmscener, seier regissør Hallvard Bræin til avisa Vestlandsnytt, som omtaler saka først.

Akkurat som «Børning» er også oppfølgjaren om eit bilrace. Opptaka startar i februar, skriv Vestlandsnytt, og Bræin lovar at dei skal få det beste ut av norske vinterforhold.

Regissøren lovar også at det blir festpremiere i Fosnavåg før den offisielle kinopremieren. Filmen kjem på kino neste haust.

Mora bur på Åheim

Til Sunnmørsposten seier regissør Hallvard Bræin at han ser Fosnavåg som eit ytterpunkt, med ei fantastisk visuell ramme, og med eit rikt bilmiljø.

– Korleis kom de på Fosnavåg?

– Eg kom på det heilt sjølv. Med besteforeldre på Åheim var eg der på feriar i heile oppveksten. Og mor mi bur der no. Når eg er på besøk på Åheim, spør folk «kor lenge du skal vere heime» sjølv om eg berre har vore der i feriar, det er utruleg fint å vere der, seier Bræin.

Ut av Oslo

Han synest også at Søre Sunnmøre har eit rikt bilmiljø.

– I Fosnavåg er det nokre vanvittig tøffe biltreff i mai kvart år, med tusenvis av entusiastar som møtest.

«Børning» handlar om eit bilrace frå Oslo til Nordkapp. Bræin fortel at filmen har mange fans på Sunnmøre og at den skapte eit stort engasjement.

– I tillegg er Sunnmøre ganske uutforska i filmverda. Mange filmar er lagt til Oslo 2 eller 3. Det er kult å få eksponere dei verkeleg eksotiske delane av landet.

– Og kvar gong eg er på besøk her, får eg ein følelse av vekst, at det skjer så mykje. Og det er eg kjempeglad for, seier ein entusiastisk regissør.

Hemmeleg rute

Kvar bilracet i «Børning II» skal gå vil ikkje regissøren seie noko om. Opptaka på Sunnmøre vil gå føre seg ei vekes tid.

– Det skal gå langs ein veg, er alt Bræin vil seie.

– Men Herøy og Fosnavåg blir det sentrale frå Sunnmøre, seier Hallvard Bræin.

I «Børning» var det med folk som Otto Jespersen, Sven Nordin, Jenny Skavlan, Anders Baasmo Christiansen og Henrik Mestad. Kven som blir med i oppfølgjaren vil ikkje regissøren seie noko om, anna enn at han lovar at det blir minst ein vestlending med framfor kamera.

Gjer som over 23.000 andre - følg smp.no på Facebook.