Dokumentarfilm om lokalhistorie

Ulstein historielag og Fantastiske Osberget lagar film frå bokserien «Levd liv».

Dokumentarfilm Aksel Hauge frå Ulstein Historielag og Magne Grimstad jr frå Fantastiske Osberget 

Film

ULSTEINVIK (smp.no): Gjennom mange år har Ulstein historielag og tidlegare «Spor forlag» laga julegave-klassikaren «Levd liv». Spor forlag var tidleg ute med å fornye sjangeren lokalhistoriske skrift med utstrakt bruk av fotografi.

Populær serie

No vil historielaget og reklamebyrået Fantastiske Osberget lage dokumentarfilm ut frå eit utval av historiar frå den populære bokserien. Så langt dei kjenner til er dette heller sjeldan kost for historielag. Aksel Hauge frå Ulstein Historielag og Magne Grimstad jr frå Fantastiske Osberget fortel om planane i dag.

I videovindauget over, kan du sjå ein smakebit frå dokumentaren, som handlar om forliset av «Norge» i 1909. Ulukka råka Haddal hardt.

Lagar episodar

Ei redaksjonsnemnd har gått gjennom årgangane av «Levd liv» og plukka ut historier som no vert omgjort til fireminutts-filmsnuttar.

Her bruker ein historiske bilde saman med film og intervju frå notida. Ein veit også om ein del eldre film-materiale som ein håper skal bli ein del av den nye dokumentar-DVD-en.

Til saman vert «Levd liv»-filmen på ein god halvtime og medan årets utgave av boka kjem til farsdag, er filmen i vente til jul.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Film