Sunnmørsposten beklagar at stiftinga Viti ikkje fekk høve til å imøtegå påstandar samtidig i saka «Aalesunds museum vil politianmelde mulig tyveri fra bankboks». Saka handla om den såkalla «Laksefjordskatten». På det tidspunkt saka vart skriven, visste vi ikkje kven skuldingane var retta mot, og saka vart publisert på nett utan andre kjelder enn Aalesunds Museum og representant for banken som tidlegare har oppbevart gjenstanden. Det uheldige skjedde då vi lenka til ei tidlegare sak om at Aalesunds Museum har meldt Viti til politiet, og det vart skapt inntrykk av at Viti har gjort noko ulovleg.

Når nokon blir skulda for lovbrot, har vi plikt til å sørge for at vedkomande får høve til å forklare og forsvare seg, i tråd med god presseskikk.

Aalesunds Museum og Viti har ulike oppfatningar av forholda rundt Laksefjordskatten. Aalesunds Museum meiner at gjenstanden er urettmessig fjerna frå bankboksen, og har meldt forholdet som eit tjuveri. Viti peikar på at stiftinga har hatt forvaltningsansvaret for heile samlinga til Aalesunds museum i meir enn femten år. Dei viser til at Laksefjordskatten vart henta ut av bankboksen i 2019 i samband med eit forskingsprosjekt, og den blir forsvarleg oppbevart. Dette er omtalt i artiklar, er offentleg kjent og er ikkje noko tjuveri.

Aalesunds Museum har bede om å få alle gjenstandar tilbake, og Viti har bede Aalesunds Museum om å lage ein samla plan for uthenting. Aalesunds Museum seier at det kan dei ikkje gjere, fordi dei veit ikkje kva som er brakt bort.

Som mediehus er det vår oppgåve å presentere ulike syn i ei konfliktsak samtidig, og det skulle vi ha gjort denne gongen også. At det ikkje skjedde, er mitt ansvar, og saka fører til skjerping av rutinar.

Hanna Relling Berg, ansvarleg redaktør