– Vi har berre haldt oss oppdaterte på kva som skjer i verda, seier Jonas Hagerup. Han var ein av dei tre på vinnarlaget frå 10. klasse ved Møre ungdomsskule.

Dommar og kulturredaktør i Sunnmørsposten Kristin Knudsen var imponert over nivået på ungdommane sin samfunnskunnskap.

– Kunnskapsnivået på alle tre laga er heilt enormt, og spesielt laget frå Møre ungdomsskule, som var ein suveren vinnar. Dei hadde utrulege evner til å resonnere seg fram til svara, seier dommaren.

8. klasse i finalen for første gong

Dei to andre laga som stod til finalen var 10. klasse ved Skarbøvik ungdomsskule som stakk av med andreplassen, og 8. klasse ved Sykkylven ungdomsskule som enda på ein heiderleg tredjeplass.

Det var aller første gong ein 8. klasse kom seg heilt til finalen i denne konkurransen. Premien var 10 000 kroner, og elevane hadde mange idear for kva dei kunne bruke pengane til. Sjølv om dei har berre eit par dagar igjen i lag som skuleklasse.

Førebudd seg med Sunnmørsposten

– Heile klassen skal vere med på å bestemme kva vi skal bruke pengane til, men vi skal ha skuleavslutning i morgon så nokon av oss har foreslått at vi kanskje skal kjøpe ei ekstra stor kake eller ta ein runde med gokart, seier Johanne Austrheim Grytten. Ho vil studere vidare på Spjelkavik vidaregåande skule til hausten.

– Vi har ikkje gjort noko særleg anna enn å legge fram Sunnmørsposten til elevane og oppfordre dei til å halde seg oppdaterte, seier stolt lærar ved Møre ungdomsskule Øystein Runde. Kunnskapskonkurransen 5 rette starta hausten 2009 i regi av Sunnmørsposten og lærar Per Gunnar Hamnøy.

Konkurransen rettar seg mot ungdomsskuleelevar frå 8–10 klasse og er retta mot å auke elevane si interesse for kva som skjer rundt oss i samfunnet. No er også Romsdals Budstikke, Tidens Krav, Adresseavisen, Trønder-Avisen, Troms Folkeblad, Smaalenenes Avis og Haugesund Avis med i konkurransen, og til saman er ca. 8 000 skuleelevar med.

Vinnar av Musikkprisen 2015 Amanda Tennfjord song for elevane i Sunnmørsposten sitt auditorium. Foto: Tove Elise Thue Dale