Den internasjonalt anerkjende dirigenten har flytta heim til Brattvåg, etter at karriera som sjefsdirigent i Rochester Symphony Orchestra i USA brått tok slutt. Tidlegare har han budd blant anna fleire år i Kiev, Kharkov og Wien.

Amerikansk fattigdom

Forholda i den fraflytningsramma nordamerikanske byen gjorde sterkt inntykk på Remmereit, og var ei viktig medvirkande orsak til at karriera som sjefsdirigent tok slutt. Byen har rekordhøg barnefattigdom, barseldød og feilernæring i den svarte delen av befolkninga.

Det er ein by der ein liten del, dei kvite amerikanarane i byen, sit med pengane.

– Rochester er ein av mange «ein prosentbyar». Ein med stor fråflytting og mykje fattigdom, etter at Kodak blei punktert, forklarte Remereit nyelg i eit intervju med Sunnmørsposten.

Sterk bygd

Slike høve set heimbygda i eit nytt lys.

– Samfunnet her i Brattvåg var godt å vakse opp i. Etter å ha levd meir enn halvparten av mitt liv i utlandet vil eg seie at modellen her for korleis moralske, etiske og sosiale spørsmål, vert handsama betre enn i mange andre land.

– For at eit samfunn skal utvilke seg og vere sterkt - for at bygda skal byggjast - er det viktig at ein vernar om, støttar og minnast positiv energi som har blitt og blir lagt att her, seier Remmereit.

Les mer kultur på smp.no

Eldsjeler

Tre arrangement skal han ha til hausten, i samarbeid med Ingebrigt Davik-huset, som med sin motorfabrikk står som ein arnestad.

  • 14. september skal dei minnast fotballtalentet, fotballdommaren, musikaren, læraren, programleiaren, skribenten og eldsjela Lars Kåre Rogne.

  • 26. september skal dei minnast den revolusjonerande oppfinninga Den Hydrauliske Vinsjen og pioneren Nils N. Finnøy, som med sin motorfabrikk står som ein arnestad for mange industribedrifter i Møre og Romsdal.

  • 23. november er via byrjonga til Brattvåg Skipsinnredning, i dag Vard. Kva slags idear, samarbeid og nybrotsarbeid som gjorde bedrifta sentral i Brattvåg.

– I tillegg vil vi også tilby ein serie kurs der talentfulle born, unge og vaksne med rettleiing frå Remmereit skal presenterast på dei tre arrangementa.

Hotell i særklasse

ID-huset Jonas Fjelld kvartett spiller i ID-huset 31. oktober Foto: Pressefoto

Egil Olsen og Stig Ulv, Jonas Fjeld og flerie teaterframsyningar er også noko av det kulturhuset i Brattvåg kan freiste publikum frå Brattvåg og omegn denne hausten.

Det same er gjengen frå den engelske suksessserien «Hotell i særklasse», som kjem med eit interaktivt to timars show til Brattvåg som ein del av sin verdensturné.