– Det er koseleg, dette. Og no skin sola òg, utbryt Alaska når han entrar scena fredag kveld.

Musikarane kom til Sunnmøre fredag ettermiddag. Dei har allereie fått nyss i at kyrkja ligg på solsida av Norddalen, altså der ormen likar seg best.

– Vi gjekk rundt og varma opp her blant gravsteinar, livredde for hoggorm. Det er kanskje ikkje den beste oppvarminga eg har hatt, seier Alaska, til latter frå salen.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Lokalt talent

Midtsommardagane i Norddal er ei årleg hending, arrangert av lokale ildsjeler. Kvart år sparkar konserten det heile i gong. Og i år var det eit lokalt talent som varma opp for dei tilreisande musikarane.

– Det er spesielt å få spele her, rett ved der eg voks opp, seier gitaristen Jarl Ringstad Krohn.

Han spelte både sjølvlaga og covra songar, før han lot dei andre ta over.

Songar om tenåringstrøbbel

Jonas Alaska spelte fleire av sine mest kjende songar, som «October» og «If only as a ghost». Men han kunne også by på mykje nytt.

– Eg har skrive ein heil haug. Alle saman handlar om tenåringstrøbbel, seier han.

Etter konserten er Alaska svært nøgd med konserten.

– Det var kjempemoro. Publikum var så høfleg og interessert, og det er ikkje kvar gong det er slik, fortel han.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Ut på fisketur

Dei tilreisande musikarane reiser frå Norddal laurdag ettermiddag. Før det har dei tenkt seg ut å fiske.

– Elva er visst stengt for fiske, men vi er vande til å fiske frå land, så det går bra, seier Alaska.

– Eg likar uansett å halde meg langs kysten, der er det iallfall ikkje orm.

Den lokale artisten Jarl Ringstad Krohn varma opp for Jonas Alaska, med både sjølvlaga og covra songar, til stor jubel frå publikum. Foto: Anita Digernes