I august 2022 vart Nordøyvegen opna. I ei pressemelding står det at mange samanliknar dei steile frontane i debatten før den politiske avgjerda i 2018 med debatten framføre folkerøystinga om norsk medlemskap i EU på 1990-talet.

Frykta var stor for at utgiftene til vegen ville rasere dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal og knuse fylkesøkonomien.

Tunge økonomiske miljø meiner det motsette, at bortfallet av to svært subsidierte ferjesamband med fire ferjer frigjer midlar til fylket.

Johan Behrentz har skrive bok om Nordøyvegen. Foto: Presse

Døgnopen tilgang

Uansett kva ein måtte meine om avgjerda, så har øybuarane og næringslivet fått døgnopen tilgang til fastlandet.

Dette og meir skildrar forfattaren i «LANDFAST. Kampen for Nordøyvegen», som blir gitt ut i samarbeid med Haram kulturhistoriske lag.

Avisveteran

Johan Behrentz (68) arbeidde i Sunnmørsposten i 35 år. I boka lar han fleire av dei mest sentrale menneska som har arbeidd for å realisere prosjektet fortelje si historie.

Dessutan er boka rikt illustrert både med historiske og aktuelle bilete frå bygginga – og frå folkefesten under opninga i august.