I jobben har Kristi Marie Skrede reist saman med kongefamilien på fleire statsbesøk. Her er ho saman med kronprinsesse Mette-Marit under ei reise til India i 2010. Foto: Bengt Kristiansen
Kristi Marie Skrede og Jon Gelius på jobb for NRK under 80-årsfeiringa til kongeparet. Foto: NRK
Kong Harald og dronning Sonja på fylkestur til Møre og Romsdal i september. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Det var lite som tilsa at Kristi Marie Skrede frå Holmøyane, i Stad kommune rett ved fylkesgrensa mellom Vestland og Møre og Romsdal, skulle vere ein av personane i Noreg som er tettast på kongefamilien.

– Det næraste eg kom dei kongelege i barndommen var eit fotografi av kong Haakon i glas og ramme med «Alt for Norge», som stod på veggen hos tanta til far min i nabohuset i bygda. Så eg var ikkje noko prinsessejente, eg var for det meste berre ei vanleg bygdejente frå Holmøyane, seier Skrede.

No har ho dekt dei kongelege for NRK i snart 20 år.

Frå lokal til royal

Det heile starta i 2003.

Skrede hadde flytta til Oslo ni år tidlegare og jobba som nyheitsjournalist for NRK på Marienlyst. Kong Harald hadde kreft og blei operert i desember 2003. Skrede stod for mykje av NRK si dekking av sjukehusopphaldet og operasjonen.

– Året etter, i 2004, fekk eg tilbod om å halde fram med kongehuset som fast stoffområde. Eg hadde på same tid fått mitt andre barn, så eg følte det var praktisk å få eit fast stoffområde, i staden for å heile tida måtte sette meg inn i nye ting, fortel ho.

Tidlegare i karrieren hadde ho vore innom avisa Fjordabladet som journalist, redaktør i Nordfjord Nærradio og journalist på kontoret til NRK Sogn og Fjordane i Førde.

Titlar og protokoll

– Var det mykje å sette seg inn i om korleis du skulle vere rundt dei kongelege?

– Å ja, seier Skrede.

– Eg må framleis lese meg opp før store hendingar og på viktige tradisjonar. Den siste tida har eg til dømes måtte lære meg mykje om det britiske kongehuset. Det er ingen automatikk i dette.

Sjølv merker ho at folk som lurer på om korleis det er å skulle omtale personane ho dekkjer i tredje person.

– Eg tenkjer på det som eit arbeidsspråk. I tillegg kjem ein langt berre ved å vere høfleg, det er til dømes ikkje nødvendig med bukking og neiing heile tida.

Skrede har budd snart 30 år i hovudstaden. Det meste av tida har ho vore nær den kongelege familien. Likevel har ho greidd å behalde Nordfjord-dialekta.

– Eg snakkar breiare med dei heime i Nordfjord, men i det private knotar eg nok litt. Eg har tre ungdommar i huset som har vakse opp i Oslo, sjølv om eg snakkar dialekt med dei, blir eg kanskje litt påverka tilbake.

Nøytral framstilling

Som kongehus-journalist i NRK er ho innstilt på å fortelje nyheiter om kva dei gjer, men òg å stille dei kritiske spørsmål. Når ein har jobba og følgt ein familie tett i fleire år, kan det bli vanskeleg å halde den balansen. Skrede seier dei har klart å halde ein god avstand.

– Både kongeparet og kronprinsparet lever med dette heile tida. Dei veit at jobben krev at vi nokre gonger må stille spørsmål rundt det private dei gjer. Dei likar det ikkje alltid, men respekterer det.

– Samtidig får eg kritikk frå publikum for ikkje å vere kritisk nok. For nokre år sidan laga eg eit portrettintervju med kronprinsesse Mette-Marit. Då fekk eg kritikk fordi eg var for lite streng og at ho ikkje svarte ut om bråket som var før ho og kronprinsen gifta seg.

Stoffområdet varer ikkje nødvendigvis i all æve. Som kongehus-journalist får Kristi Marie Skrede ofte spørsmål om vi skal halde fram med å ha monarki i landet vårt.

– Det er viktig å diskutere det, og det er òg litt kjekt å gjere. Akkurat no er det ganske få stemmer i mot monarkiet. Kong Harald er så populær at der er få som er prinsipielt mot kongehuset vårt, seier Skrede.

Stabil popularitet

I år har det vore litt meir merksemd rundt den norske kongefamilien enn vanleg. I januar blei prinsesse Ingrid Alexandra myndig, men feiringa blei utsett til juni som følgje av koronapandemien. Det har òg vore mykje merksemd rundt prinsesse Märtha Louise og forholdet hennar til Durek Verrett. I september valde to verksemder som hadde prinsessa som beskyttar, å trekkje samarbeidet med henne. Og nyleg døydde dronning Elizabeth II av England.

– Slike store hendingar vil alltid føre til mykje merksemd i ei tid, men populariteten og interessa rundt kongefamilien er stort sett stabil, seier Skrede.

Men der er ein forskjell i interessa blant dei eldre og yngre.

– Dei eldre er mest opptekne av nyheiter om kongefamilien. Dei yngre er ikkje like interesserte, men då prinsesse Ingrid blei presentert var det stor interesse og vi ser at kong Harald også er populær blant ungdomen.

Folkereisekongen

Kong Harald hadde store sko å fylle då han blei konge, men er populær hos fleire generasjonar i dag. Kristi Marie Skrede trur at å reise rundt i Noreg og besøkje alle nordmenn har vore noko av grunnen til det.

– Mange var skeptiske då kong Harald skulle ta over etter faren. Dei såg ikkje føre seg at han kunne gjere ein like god jobb som folkekongen kong Olav, men Harald byrja tidleg på arbeidet ved å reise til Nordvestlandet som var råka av orkan første nyttårsdag 1992. Han viste seg då som ein konge som såg korleis nordmenn hadde det.

– Tidlegare i september reiste han rundt på Sunnmøre. Eg var med og såg den enorme respekten han har blant folk. Det betyr mykje for dei at han og kongefamilien reiser på besøk, seier Kristi Marie Skrede.

(©NPK)