Måndag 20. oktober opnar «Klart vi les!» i Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Den nynorske barnebokturneen skal inspirere og vise fram ny, nynorsk barnelitteratur for ulike aldersgrupper.

Følg smp.no på Facebook

I løpet av veka vil forfattar Atle Hansen og ein formidlar ved Nynorsksenteret på Høgskulen i Volda lese frå og fortelje om barnebøker på nynorsk på fleire bibliotek i fylket.

– Arrangementa er gratis og vi håper å treffe både foreldre og tilsette i barnehagar og skular desse kveldane, seier prosjektleiar Liv Kristin B. Øvereng frå Nynorsksenteret i ei pressemelding.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

«Klart vi les!» er eit samarbeid mellom Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal, Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet, og turneen har vorte eit årleg arrangement.

I tillegg til Aasen-tunet kjem barnebokturneen til Ørskog folkebibliotek 21. oktober, Kulturstova på Batnfjordsøra 22. oktober og Aure folkebibliotek 23. oktober.