«Denne månaden har eg jobba mykje med vårprogrammet, har du sett dei konsertane eg allereie har lagt ut for sal? No lurer eg på å booke inn noko av det humoristiske slaget, og då treng eg tips frå deg!» skriv den nye kulturhussjefen i Ørsta.

Utafor boksa

Ho får mange tips i kommentarfeltet: Mange vil ha Dagfinn Lyngbø, andre forslag er Pernille Sørensen, Espen Beranek Holm, Jonas Gardell, Tommy Steine, Are Kalvø, Ylvis og Hege Schøyen.

Pluss fantasiministeren frå Lucky Næroset, den vesle bygda i Fagernes som i 2011 erklærte seg som fristat med eiga regjering.

– Vi må tenkje litt utanfor boksa. Eg kjenner mange her i Ørsta og snakkar mykje med publikum på arrangementa våre her i kulturhuset. Men eg vil nå lenger ut. Det viktig å ha god kommunikasjon med publikum, og eg som er ny i jobben vil gjerne ha forslag på korleis eg kan setje saman programmet, seier Skarstein, som tok over stillinga etter Bjørn Holum i august.

Mange tips

Ho set stor pris på tilbakemeldinga, men tek gjerne i mot fleire tips.

– Eg har allereie teke kontakt med managementet til Dagfinn Lyngbø, sidan det var stor interesse for å få han til Ørsta. Og eg veit det er blitt jobba lenge med å få han hit til kulturhuset. Denne gongen var det ikkje mogleg, så vi får prøve igjen seinare, seier Skarstein.

Vurderar Facebook i Parken

Både kulturhuset i Ørsta, Operahuset Nordfjord og ID-huset i Brattvåg opererer med ei eiga innleggspalte på Facebook-sida si for å få dialog med publikum. Parken kulturhus i Ålesund har ikkje noko slikt.

– Reint intuitivt har eg tenkt at ein slik innleggsspalte krev mykje arbeid, der må det vere nokon som modererer sida for å sile kommentarar som ikkje høyrer heime der. Ikkje har vi plass heller. Men når Norsk Kino overtek over nyttår og kinoen får si eiga heimeside, får vi frigjort plass. Innlegg frå publikum er viktig, seier kulturhussjef Jacob Devold.

<strong>HØG GLITTERFAKTOR:</strong> 6. april kjem Dancing Queen, eit internasjonalt og profesjonelt dansekompani på fire vokalistar og 16 dansarar. Discoshowet Dancing Queen er ei feiring av dei tidlause hitsa frå popfenomenet ABBA og Broadway-musikalen «Mamma Mia», pluss høgdepunkta frå filmen Saturday Night Fever. Foto: Pressefoto