Knut Buen og Håvard Svendsrud kallar programmet sitt «På gjenhøyr». Her byd dei på ein miks av musikk, historieforteljing og humor.

Buen og Svendsrud har spelt i lag sia 2016. Den høgt respekterte felespelaren Knut Buen er for mange sjølve symbolet på folkekunsten i Telemark, skriv Aasentunet.

Trekkspelaren Håvard Svendsrud har markert seg som ein av dei mest aktive utøvarane av sin generasjon. Han torer vere godt kjend etter omfattande turnéverksemd her.

Karane har gjeve ut to tradisjonsplater til stor fagnad. Men dei skriv også sine eigne ting. Både runddansmusikk og reine lydarslåttar. Konserten i Aasentunet kjem såleis til å presentere noko av dette.

Attåt slåttespel på hardingfele og klassisk trekkspel, vil dessutan Knut Buen lese somme av dikta sine.