Det var både djupt alvorlege og hysterisk morsomme stunder under den litterære gullrekka til Dei nynorske festspela, som i år bestod av festspeldiktar Gunnhild Øyehaug, Lars Amund Vaage, Kristina Leganger Iversen, Brit Bildøen og Bjørn Sortland.

Samtaleleiar var Mariann Schjeide, som til dagleg er leiar i Norsk bibliotekforening, og biblioteksjef i Ålesund.

Felles for forfattarane er at dei alle rører borti årets festspel sitt tema, «tillit». Nokre har skrive om tillit som blir brutt, medan andre har skrive om ønsket om å opprette tillit.

Problemfylte familieforhold

Programmet starta ganske alvorleg, med Brit Bildøen si høgtlesing frå boka si «Sju dagar i august», som handlar om ei mor som mista dottera si 22. juli. Boka er satt åtte år etter hendinga. Vidare las Kristina Leganger Iversen frå sin romat «I ringane», som skildrar eit problemfylt familieforhold.

- Eg har som bibliotekar sjeldan opplevd nokon snakke så varmt om ei bok, sa Schjeide då det var Lars Amund Vage sin tur til å lese høgt frå si bok, «Syngja», ein personleg roman om livet med ei autistisk dotter.

- Det er ulikskapen som gradvis gjer oss einsame. Integreringen av funksjonshemma fungerer ikkje så godt, og her trur eg vi har ein veg å gå som samfunn, sa Vaage, som i romanen skildrar ein far som tar avstand frå andre på grunn av dottera når ho veks opp.

- Trur du det er lettare for foreldre å føle ein fellesskap med andre foreldre når funksjonshemma barn framleis er barn? Spurte Schjeide.

- Det trur eg. Det har litt å gjere med at dei opplever heilt andre utfordringar. Mens andre sine barn veks opp og oppnår mykje, slit deira barn kanskje med ting vi ser på som enkle, svarte Vaage.

Han meiner det er foreldre sin mangel på tillit som gjer at dei kanskje trur at andre ikkje vil ta del i barna deira sitt liv.

Klønete og intenst

Då turen kom til årets festspeldiktar, Gunnhild Øyehaug, var det få som ikkje lo under hennar høgtlesing frå romanen «Vente, blinke». Ho beskreiv ei scene der hovudpersonen har blitt invitert ut på kaffi med ein mann ho er forelska i, og alle tankane som oppstår i hovudet hennar under kafèbesøket.

- Det å forsøke å opprette eit tillitsforhold set oss ofte i ein situasjon der vi kan bli ganske klønete og intense. Eg trur dei aller fleste kunne kjenne seg igjen i dette, sa Schjeide etterpå.

Latteren fortsatte under Bjørn Sortland si høgtlesing, der han mellom anna las frå ungdomsboka «Det blir pinlig uansett», som han skreiv saman med Tyra Teodora Tronstad på 13 dagar utan å kjenne ho frå før.