Det meiner i alle fall ordførar Alfred Bjørlo (Venstre) i Eid kommune. Kvart år trekk rockefestivalen fleire titals tusen besøkande til kommunen som elles har knappe 6.000 innbyggarar.
45 sykkylvingar på «Camp Fånaneåt»
Bildeserie: Sjå blinkskudda frå Malakoff her
Investeringslyst og folkevekst
Nordfjordeid sentrum yrer av liv under festivalen, og fleire lokale bedrifter doblar omsetninga si desse dagane.
– Ein ting er jo kva Malakoff tyder i det som ein kan talfeste. Men det betyr er mykje meir. Det er blitt eit identitetsmerke. Ein felles stoltheit, seier Bjørlo, som har utekontor under heile festivalen.
Med opp mot 1300 frivillige er festivalen, er det mange i sving på dugnad og som besøkande også av dei lokale. Festivalen har blitt eit kontaktpunkt, også for mange ungdommar som har flytta frå bygda. Kanskje kjem dei heim?
I alle fall skjer det mykje positivt på Eid no, seier Bjørlo.
– Eid er inne i ei veldig positiv utvikling, både med tanke på folketal og investeringar. Her er mange som tør å investere og satse. Etter at det nye Amfisenteret kom, har handelsomsetninga auka med over 100 millionar på to år.
Ringverknader
– Malakoff har hatt ei innverknad på det. Den har fungert som ein kickstartar for folk som ser at det går an å satse. Lokale bedrifter seier også at Malakoff har blitt ei merkevare som gjer det enklare å få folk til å busette seg og jobbe på Eid, seier Bjørlo.
– Får festivalen ringverknader resten av året?
– Ja, absolutt, trur han.
– Vi har blitt proffe på ein heilt annan måte når det gjeld å arrangere store arrangement. Som når vi no har gatematfestival. Samstundes har ein heilårleg aktivitet i Gymmen, eit ungdomshus med rockescene og øvingslokale, som har laga eit spesielt musikkmiljø, seier ordføraren for kommunen som har fostra opp to MGP juniorvinnarar.
– Gjer at fleire tør
– Malakoff er no det største som skjer her i løpet av året. Det er viktig for næringslivet og folk, seier Frode Kvalheim Osnes, som koser seg i sentrum med barna Jonathan, Theodor og Sebastian.
– Det viser at vi er flinke til å få til ting på Eid, seier kona Kathrine.
– Malakoff gjer at fleire tør å satse på Eid, og får folk til å kome, seier Kathrine Kvalheim Osnes. Utdanna som tegnespråktolk, så det var inga sjølvfølgje at ho skulle «flytte heim», men så fekk ho jobb på Måløy.
Paret einige i at festivalen gir ringverknader.
– Ikkje i seg sjølv, men her er anden om at det går an å få til ting, seier Frode.
Frå Paris til Eid
Nokre av dei som satsar, er gründerane bak den nye restauranten Aske på Eid. Under festivalen er restauranten flytta frå sentrum og inn på området.
– Vi opna i januar, og så langt har det gått kjempebra, seier Leon Knapskog, som står bak Aske saman med Silje Øygard og Øyvind Haugland. Den unge kokken i trettiåra står også bak minibakeriet. Før han flytta heim har han gjort mykje:
– Eg har vore kokk på Slottet og kongeskipet, på tre Michelin-restaurantar i California og kjøkkensjef på den norske ambassaden i Paris. No satsar eg her, seier Knapskog.
– Eid har utvikla seg i ei veldig positiv retning, og Malakoff trur eg har gitt bygda stempel som ungdommeleg og litt kul.