Knut Asle Goksøyr torer vere mest kjend som campingplass-nestor og trottig Runde-guide.

Mindre kjend er truleg at han har vore bittelitt på sjøen.

– Bortsett frå nokre vikar-jobbar på losbåtar, er det landjorda som har vore min arbeidsplass. Men det gjekk ikkje verre til enn at nettopp «Stavangeren» endra ørlite på akkurat det, fortel Knut Asle

Det var opphavleg ein britisk trålar. Muligens hadde Majala i Havøysund båten kort etter Bjelland/Norway Foods, før han så kom til Herøy.

– Idéen var nok å gjere meir pengar på lodda – ved ikkje å levere alt til oppmaling. Båten hadde jo platefrysarar og fryseri om bord, og tok altså imot brisling til innfrysing. Det måtte han nok halde fram med for å sikre driftsgrunnlaget.

Sævik Supply skulle drifte båten, som på overtakingstidspunktet var i sving på Trondheimsfjorden.

– Bror min jobba då hos Sævik, som måtte ha to kjende om bord for å sjå korleis saker og ting fungerte. Eg fekk spørsmål om å stille – avreise om to timar! Dette var seinhaustes 1983 (?). «Stavangeren» vart Herøy-båt – enn så lenge.

I desember gjekk vi til Voldnes Skipsverft for montering av utstyr til lodderognseparering/-produksjon.

Både Audun Holmen og Magne Sævik var med frå eigarsida. Dei tre ringnotbåtane leverte etter kvart til oss og rognproduksjonen kom i gong.

Etter at rogna var fjerna, vart fisken levert til oppmaling. Noko lodde vart også frosen heil, hugsar eg ikkje feil. Nokon økonomisk suksess vart nok ikkje dette.

Eg gjekk frå igjen etter loddesesongen – turistane venta. «Stavangeren» heldt fram med brisling eit par år til, trur eg. Så fór han visst til Hammerfest. Men det gjekk med båten som med brislingen og lodda – alle forsvann. Båten vart opphogd.