Ifølgje resultatrekneskapet for nyetablerte Ryste Entertainment AS var salsinntektene i 2012 på 5.065.986.

– Ja, det ser fint ut. Men det har vore mange år utan at artistlivet har kasta så mykje av seg, og det er eit knallhardt liv. Eg er stort sett aldri heime. Det har sin pris, kommenterer Ryste, som ikkje har tal på kor mange reisedagar han har i året. Det trur han kona har.

Følg smp.no på Facebook

Store utgifter

Med driftskostnader på 5.009.893 kroner blei resultat før skatt på 157.000 kroner.

– Det kostar å reise rundt med eit show. Leige av kulturhus, reise- og buutgifter, lyd og lys. I tillegg har eg to tilsette, fortel Ryste.

I ni år har han sett opp ulike Klypa-show, med figurar som Kjellen, Palle og Strila-Petter. Dei tre siste åra har han spelt framsyninga «Laaangt over streken», for fulle hus over heile landet.

No er hovdebygdingen i full gang med eit nytt show. «Klypa seiler i beltestredet» skal ha premiere i Ørsta 21. september, og kjem til Ålesund 11. oktober. Med seg til å lage nye sketsjar og videoar har han Hans Vegard Ryste (bror), og venene Knut Steinnes og Erika Krøvel. Dei tre er også styremedlemer i Ryste Entertainment AS.