300.000 Geiranger-turistar til sommaren seier du? Ein halv million? Eit par milliardar? Berre kom med dei, vi skal nok vite å ta unna køane.

Det bør gå som ein leik. Denne ferja tek jo heile åtte bilar i slengen. Lenger ute på fjorden kjem eit om mogleg endå staselegare skip med plass til haug og dunge.

Då skal det bli råd med turbussen til høgre her også, skal du sjå.

Vi fann negativet i ein frilanskonvolutt merka Børre I. Grønningsæter, og det er tydeleg sambandet som står i sentrum for avis-merksemda.

På denne tida går det ferje både til Eidsdal, Overåneset og Stranda her frå kaia på Linge.

Den smekre Austinen atterst i køen har nokre svarte skilt som skrik «turist» langvegsfrå. Både Opel Rekord og Ford P7 er elles ute og rullar i grusen denne sommaren som ser rett fin ut.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.