- Juryen gjev forfattaren honnør for høge ambisjonar på vegner av ungdomslesaren. Alvoret i boka er gripande samstundes som ei undring og glede over livet og verda ligg i botn av boka, skriv juryen i grunngjevinga.

Dette er grunngjevinga frå juryen: Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2015 er ein allsidig forfattar med både diktsamlingar, romanar og novellesamlingar i forfattarskapen. Vinnarboka er ein ungdomsroman om å vera annleis og utanfor, om identitet, om bier og mangfaldet både i naturen og blant menneska. Ein underliggjande tematikk er toleranse og ansvaret me har for kvarandre som medmenneske og verda me lever i. Vinnarboka byrjar dramatisk. Kvitkledde menn evakuerer elevane og dei tilsette på ein ungdomsskule. Hovudpersonen misforstår evakueringa, ho trur det er ein terroraksjon, gøymer seg på loftet og vert etter kvart meldt sakna. På loftet trøystar og roar hovudpersonen seg med å tenkja på bier. Ho identifiserer seg sterkt med biene og har mykje kunnskap om liva deira. Gjennom bieforteljingane vert det skapt analogiar som gjev oss ei djupare forståing av livet til hovudpersonen. Dette biletet vert utfylt av forteljingane til to medelevar. Avdekkinga av kven desse tre ungdomane er, skjer med ein omtanke og varme som gjer det spennande å følgja historia til endes. Gjennom dei tre røystene får me eit vidare perspektiv på det å vera annleis, det å vera utanfor. Vinnarboka skil seg ut som ungdomsroman både gjennom innhaldet og forma. Boka utfordrar lesaren, synleggjer ein ganske brutal røyndom og stimulerer til refleksjon og ettertanke. Formmessig er vinnarboka original og stilmessig imponerande gjennomført. Boka er velkomponert med perspektivskifte og røyster som utfyller kvarandre samstundes som intensiteten i handlinga vert halden oppe. Eit anna særtrekk er dei korte tekstane med knappe og biletrike overskrifter på starten og slutten, ofte avslutta med korte Wikipedia-liknande oppslag der ord og omgrep vert forklara. Dette grepet både lettar og utdjupar lesinga. Juryen gjev forfattaren honnør for høge ambisjonar på vegner av ungdomslesaren. Forfattaren fullfører den litterære ideen sin på ein kompromisslaus måte. Alvoret i boka er gripande samstundes som ei undring og glede over livet og verda ligg i botn av boka. Boka er gjeven ut av Det Norske Samlaget. Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2015 er Marit Kaldhol med boka Sweet.