Stor etterspurnad etter billettar gjer at Sula kulturskule vågar å invitere til tre rundar med lokalt juleteater i år.

Pokerfjes

Stykket som er skrive av Jens Arne Molvær vart vist for første gang i fjor, og skal ein dømme etter det massive oppmøtet under årets premiere er det lite som tyder på at dette blir siste året.

– Det er vanskeleg å halde på pokerfjeset, og ikkje begynne å flire. Men det gjekk i alle fall mykje betre enn på generalprøva, forsikrar dei.

Små justeringar

Kring 30 elevar frå kulturskulen er med på framsyninga, som også visast i dag og fredag. I årets versjon har dei gjort nokre små justeringar i manus, og inkludert fleire musikkstykke.

Dei 250 elevane ved kulturskulen har fleire julearrangement i dagane som kjem. Laurdag opnar dei kunstutstilling på Sula bibliotek, og 12. desember er det klart for framsyninga «Stjerneskimmer» i Langevåg kyrkje. Der er det dei eldste elevane som skal i elden.

Sjå bildeserie frå førestillinga her:

Musikantar frå Sula kulturskule. Foto: Bjørn Vatne