Det er politikarane i kultur- og folkehelseutvalet som har avgjort at laget på Flemsøy/Skuløy får prisen som består av ein diplom og 50.000 kroner.

Følg smp.no på Facebook

Utvalet peiker på at prisen er ein heider til den store frivillige innsatsen som vert lagt ned i fylket for å skape trivsel i lokalsamfunna.

Ungdomslaget Fram driv i fyrste rekke med teater, og vert trekt fram som ein viktig aktør i sitt lokalsamfunn.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

– Mange får her uvurderleg opplæring i å bruke stemmen sin, dialekta si, stå på ein scene, meistre utfordringar og samarbeide om eit godt resultat. Årvisst sidan 1970-talet har Ungdomslaget Fram gleda lokalsamfunnet med sine forestillingar, heiter det i grunngjevinga.

Prisen vert delt ut på fylkestinget i Molde 9. desember.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no